Gruppetrening

Gruppetreningar hjå fysioterapien haust 2020:

For deg som ynskjer veileda trening i gruppe med fokus på kondisjon! Tysdagar 13.00-14.00, oppstart 13.oktober. Dette kan passe deg som strevar med pusten eller av helsemessige årsakar er anbefalt å auke kondisjon. Gruppa har éin times varighet og er instruert av fysioterapeut. Pris for deltaking følger vanlege fysioterapitakstar for gruppetrening. 

Henvend deg til fysioterapien i Lom v/tlf. 48 16 55 20 dersom dette kunne vere noko for deg, frist innan torsdag 8.oktober!

Minimum 3 deltakarar for at gruppa skal bli gjennomført – maksgrense på 5 personar.