Har du ein god forretningside med eksport-potensial, men manglar risikokapital?

Har du ein god ide som treng kapital? - Klikk for stort bildeHar du ein god ide som treng kapital? Eko Pramono_Pixabay Da kan vi kanskje hjelpe deg. Lom kommune har vorte kontakta av ein næringsaktørar som ynskjer å gå inn med privat kapital i ei startfase, for å bidra til auka sysselsetting og verdiskaping i Ottadalen. Målet er å finne fram til ein eller fleire forretningsidear som har eksportpotensial, primært innanfor teknologi. Entreprenørbransjen, lett industri og foredling av naturressurser kan også vere aktuelt, men som sagt - marknaden må vere nasjonal eller internasjonalt, mens arbeidsplassane og verdiskaping skal skje i Ottadalen.

Motivasjonen er ikkje fyrst og fremst avkasting på investert kapital, men å skape nye arbeidsplassar ved å støtte ei nyetablert bedrift (eller ei eksisterande bedrift med ein ny ide) i den fyrste kritiske fasa.

Kan dette vere noko for deg? Ikkje nøl med å ta kontakt med næringssjef Åshild M. Amundsen for å lufte ideen din, så vil du bli kobla vidare dersom næringsaktøren er interessert.

Skummelt? Hugs: Det verste som skjer er at du får eit nei :-)
I beste fall får du meir kapital til å realisere akkurat din ide!  

Kontaktinformasjon: Åshild M. Amundsen, 975 22 977 / ashild.amundsen@lom.kommune.no

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje