Har du møblar og utstyr du kan gje bort? Eller kan du stille som friviljug?

Kommunen førebur nå til auka busetting av flyktningar. Nå ynskjer vi di hjelp! 

Lom kommune har merka eit stort engasjement frå innbyggjarar som ynskjer å bidra for at flyktningane som kjem til Lom skal få ein god start. 

Meld deg som friviljug 

Kan du bidra med friviljug innsats, språkstøtte/tolk eller anna? Meld deg som friviljug via skjema på kommunens nettside. 

Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt med Anne Berit Sandvoll på telefon 913 18 558.

Har du møblar og utstyr du kan gje bort?

Ein del hus og leilegheiter som kan leigast ut til flyktningar er umøblert. Kommunen har derfor behov for ein del møblar og utstyr. Har du noko du kan gje bort? Meld det inn i skjemaet under. 

Det er viktig at møblane og inventar er fungerande og heile, reine og i god stand. Dei må og vere frå ein røyk- og dyrefri heim.

Truleg vil ein del av flyktningane vere barn og unge. Kommunen ynskjer derfor også å kartlegge om nokon kanskje har ein sykkel eller anna utstyr/leikar som kan donerast. Utstyr/leikar må i likheit med møblar og inventar vere fungerande, heile og i god stand. 

Det er ikkje  sikkert at kommunen får bruk for vara ein melder inn. Dette er meint som eit oversyn vi kan nytte etter kvart som behov oppstår. Ein forpliktar seg heller ikkje på nokon måte. Donerte møblar, utstyr og inventar blir ikkje levert attende.

Vi gjer merksam på at kommunen ikkje har lagerplass. Vi vil derfor ta kontakt med deg angåande levering når behovet eventuelt oppstår. 

Mange takk for hjelpa så langt! 

Les også: Status Ukraina