«Haustival» ved Dagsturhytta i BismoOnsdag 16. oktober kl. 18:30 inviterer Lom og Skjåk kulturskule til ein unik kulturoppleving i skogen ved Dagsturhytta i Bismo.«Haustival» ved Dagsturhytta i BismoOnsdag 16. oktober kl. 18:30 inviterer Lom og Skjåk kulturskule til ein unik kulturoppleving i skogen ved Dagsturhytta i Bismo.Publikum får oppleve eit rikt program med lyssett kunst, musikk, dans og teater, framført av elevar frå begge kommunane. Festivalen vil gå føre seg på tre ulike scener i området rundt hytta, og skape ei stemningsfull ramme i haustmørket.Foreldregruppa stiller med matbod, og arrangementet er ope for alle – gratis inngang. Praktisk info:Parkering i Bismo sentrum. Følg gangvegen forbi idrettshallen og ned til Dagsturhytta.Parkering ved hytta er reservert for bilar med handikapbevis.Merk: Ved regn eller minusgrader kan arrangementet ikkje gjennomførast – Dette er ei flott moglegheit til å oppleve kulturskuleelevar i fri utfalding og til å samle bygdene til ein annleis kulturkveld! Sist endret 03.10.2025 11.03