Det er ei stor utfordring at altfor mange køyrer barna sine heilt inn til skulegarden, noko som gjer det utrygt for andre barn som skal gå eller sykle – blant bilar som rygger og stressa sjåførar.
– Å redusere mengda foreldre som køyrer barna til skulen, skal gjere det tryggare og meir attraktivt for barn å gå eller sykle sjølve, seier regionleiar i Trygg Trafikk Innlandet, Marianne Mittet Solbraa.
– Vi ønskjer at foreldre og føresette let barna gå, og etter kvart sykle sjølve dersom det er mogleg.
– Dersom det kjennest for utrygt, kan du kanskje sleppe av barnet eit stykke unna skulen, og la det gå den siste biten? Litt frisk luft og rørsle før skuledagen startar, er gull verdt!

Den største utfordringa skulane peikar på, er at foreldre ikkje følgjer råda knytt til hjartesona og framleis køyrer barna heilt fram til skulebygget.
For å få til ei god Hjartesone, finst det fleire tiltak ein kan setje i verk. Hovudvekta vil liggje på haldningsskapande og åtferdsendrande tiltak, men det kan òg vere aktuelt med mindre fysiske tiltak. Målet er å redusere bilkøyring i området rundt skulen mest mogleg.
Tek du utfordringa? Bruk gjerne litt av sommarferien på å øve med barnet på å gå skulevegen, eller finn ein trygg stad der du kan sleppe det av, slik at det kan gå den siste delen sjølv.
Lukke til!
Her kan du laste ned brosjyre om hjartesone.
Her er heimeida til Trygg Trafikk.
Trygg Trafikks tips til å øve på skulevegen:
Gå skulevegen utan barnet først, og kartlegg stader som kan vere utfordrande eller farlege.
Ta dykk god tid og gå fleire turar saman.
Snakk om det som skjer langs vegen, og om moglege farar.
La barnet etter kvart ta meir styring sjølv.
Hugs å ha det hyggeleg saman!
Lukke til med viktig læring og øving!