Influensa- og koronavaksinering 2023

Det er no mogleg å bestille time for influensa- og koronavaksinering.

LOM: Ring helsesjukepleiar Liv Marie Øyjordet på tlf. 97667747, dersom du vil ha time til vaksinering.

SKJÅK: Ring helsesjukepleiar Aud Jotun på tlf. 90848548, dersom du vil ha time til vaksinering. Eventuelt ring legekontoret på 612 17 100, eller Servicetorget på 612 17 000 og gje beskjed.

 

BETALING er med kort, VIPPS evt. kontant

Influensavaksine risikogrupper kr. 150,- Andre kr. 250,-     

Pneumokokk kr. 450,- (Kan ikkje setjast saman med covidvaksine).

Koronavaksine er gratis.

 

Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine: 

  • Alle som har fylt 65 år 
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Helsepersonell

Barn og vaksne med:

  •  diabetes mellitus, type 1 og 2
  •  kronisk luftvegsjukdom 
  •  kronisk hjarte- og karsjukdom 
  •  kronisk leversvikt 
  •  kronisk nyresvikt 
  •  kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade 
  •  nedsett immunforsvar 
  •  svært alvorleg fedme (BMI over 40) 
  •  annan alvorleg eller kronisk sjukdom 
  •  Gravide frå 12. veke i svangerskapet