Draumen, tankane og planane om kanskje verdas viktigaste klasserom, med høgfjellet som kunnskapsarena, kan nå bli ein realitet, seier ei svært glad Mai Bakken, dagleg leiar i Norsk fjellsenter.
Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 skal gjennom ein periode på 4 år byggje opp nye formidlingsarenaer, både digitale og fysiske. Gjennom prosjektet «Fjellviten» har dei, i samarbeid med fleire leiande forskingsinstitusjonar, fått 20 millionar kroner frå Sparebankstiftinga DNB.
Prosjektet skal bidra til betre overvaking av klimaendringar i høgfjellet, og ikkje minst bidra til at «alle» får moglegheit til å delta i klimaovervakinga og lære meir om endringar som skjer i høgfjellet.
– Å bidra til at unge og unge vaksne skal få kunnskap, og ikkje minst bli involvert i utvikling av kunnskap, har vore eit stort mål for oss sidan vi etablerte Klimaparken som ein fysisk arena i høgfjellet i 2011, seier Mai Bakken.
Jubel på Norsk fjellsenter.
Live Andrea Sulheim / Norsk fjellsenter
Les heile pressemeldinga på Norsk fjellsenter si eige heimeside.
Same dag vart det publisert at Leirvassbu får 35 millionar, den største tildelinga i Gudbrandsdalen nokon gong. Midlane skal gå til å pusse opp og oppgradere Leirvassbu, samtidig som særpreget skal bli tatt vare på. Dei andre DNT-hyttane i nærleiken, m.a. Sota, Glitterheim og Gjendesheim, får også midlar til generelt vedlikehald.
Du kan lese meir om tilskotet til Leirvassbu og andre DNT-hytter her (krev GD-abonnoment)
Lom kommune gratulerer så mykje!