Kommuneplanens samfunnsdel - engasjerte politikarar og utvalsmedlemmar

Under kommunestyremøtet 19.10.2021 var arbeid med kommuneplanens samfunnsdel på agendaen.

Korleis kan lomssamfunnet førebygge einsemd og fysisk og psykisk uhelse? Kva kan nye utbyggingsområde for fritidsbustadar tilføre Lom, og motsett – korleis kan det vere uheldig? Kva meiner du er viktig for å skape gode buområde i Lom?

Dette var blant spørsmåla som kommunestyret, saman med representantar frå dei kommunale råda, arbeidde seg gjennom på kommunestyremøte sist veke. Anledning var arbeid med kommuneplanens samfunnsdel.

Deltakarane jobba i grupper, og det var lett å spore engasjement når det er snakk om korleis ein skal nytte areala i kommunen, og korleis ein skal innrette seg for å møte ei framtid med ein større andel eldre. Det var eit stort spenn i innspel, spørsmål og stadfestingar som blir viktige å ta med seg vidare i planarbeidet:

  • At dårleg økonomi påverker mange sin kvardag, og at dette også er med å påverke einsemd og uhelse.
  • At mange engasjerer seg mykje i samfunnet, men mange engasjerer seg lite eller ingenting. At folk engasjerer seg og bryr seg om andre er svært viktig!
  • Møteplassar er viktig for alle aldre, også i grendene.
  • At det er naudsynt å tilpasse informasjon til mottakaren, og gje god og nok informasjon – og å legge til rette for tovegs kommunikasjon.
  • Det er ikkje bra at bustadar står tomme – innføre buplikt i sentrum?
  • Tilrettelegge bustadar der ein kan greie seg sjølv 

Dette er berre eit veldig lite utval av punkt vi noterte oss undervegs.

Enn så lenge noterer vi oss også at det ikkje manglar på engasjement – og ingenting er meir positivt enn engasjement når ein jobbar med planarbeid.

Sit du inne med innspel til kommuneplanens samfunnsdel?

www.lom.kommune.no/samfunnsplan kan du sende inn dine tankar og innspel. Klikk deg inn på dei ulike vekestemaene og send inn.