Kva er viktig for deg i din kvardag i Lom?

Klikk for stort bildeVi arbeider med kommuneplanens samfunnsdel dette året, og vi ynskjer å involvere DEG som bur i Lom i dette arbeidet!

I vekene framover vil vi beskrive problemstillingar knytt til viktige tema i planarbeidet, og stille nokre spørsmål knytt til temaet som vi håpar du vil ta deg tid til å svare på.

Det fyrste temaet vi legg fram er FN sine berekraftsmål. Kva for mål meiner DU er viktigast for Lom? Her kan du lese måla og sende inn di meining anonymt.

Kva er formålet med kommuneplanens samfunnsdel? 

Kommuneplanens samfunnsdel skal bidra til ei betre og meir heilskapleg planlegging av utviklinga i kommunesamfunnet og i kommuneorganisasjonen.

Formålet med samfunnsdelen er å leggje føringar for kommunen sitt planleggingsarbeid, og gje retningsliner for korleis kommunen sine mål og strategiar skal gjennomførast. 

Som ansvarleg myndigheit vedtok kommunestyret  27. oktober 2016, samfunnsdelen til kommuneplan for Lom kommune.

8. juni 2021 vedtok kommunestyret planprogrammet for revidering av samfunnsdelen, og nå startar arbeidet med utarbeiding av planen. Planlagt tidspunkt for fyrste gongs politiske behandling av planforslaget er i november/desember i år.

Plandokumenta finn du nedst i denne saka.