Kva skjer i Lom under handelshelga 1. - 3. desember?

Her finn du ei oversikt. 
Sjå også kalenderoversikta til Lom kommune for fleire arrangement. 


PROGRAM FOR JUL I LOM 2023

Det nærmar seg desember og førjulstid! Her er ei oversikt over noko av det som skjer i Lom framover, med særleg fokus på handelshelga 1. - 3. desember. 

  •  Førjulshelg på Gamle banken 2023 | Lom Husflidslag arrangerer julemarknad med sal av ulike håndsverksprodukt og bakst.
    Fredag 1.des: kl. 14 - 18
    Laurdag 2. des: kl. 10 - 18 (uteaktivitetar med spikking, lasso, lesetund for ungar, besøk av reinsdyr og nisse++ kl. 12-16)
    Sundag 3. des kl. 12 - 16
  •  Utandørs Juleyoga i Lom med Jotunheimen yoga | Laurdag 2.desember kl. 10.00. Gratis og "ope" for alle!
  •  Kino på Lom folkebibliotek | Laurdag 2.des. kl. 13 | "Gubben og katten: Tidenes gladeste jul" (1 t 19 min). Passar for ungar frå 4 år. Gratis inngang. 
  • Julemarknad i Lom 2023 | Laurdag 2.desember kl. 11-15.
    Her kjem utstillare med lokalmat og handtverk, det blir bålpanne, gløgg og levande musikk, og nissemor og nissefar kjem!
  • Sport 1 Lom får besøk av Brannbamsen Bjørnis laurdag 2. desember kl. 11
  •  Ljosmesse i Lom Stavkyrkje | Sondag 3.desember kl. 15. Deretter fakkeltog til Julegrantenning i Lom. Oppmøte utanfor kyrkja kl. 16.00. Alle får utdelt gratis faklar! 
    Julegrantenning i Lom | Sondag 3.desember kl. 16.15 utanfor Midtgard. Underhaldning ved Lom&Skjåk Brass, servering av gløgg. Besøk av julenissen og reinsdyret!
  • Lokal julehandel: Få med deg handelshelga med sundagsopne butikkar i Lom sentrum | 1.-3. desember 2023.


Visit Jotunheimen er klare for nytt gåvedryss i desember, og har snart klar årets julekalender fylt med forlokkande premiar som DU kan vinne kvar dag! Følg Visit Jotunheimen på Facebook! Fyrste luke blir opna fredag 1.desember!

Visus sitt julehefte kjem ut i slutten av november (i løpet av veke 48.) Der finn du ei oversikt over alt som skjer knytt til jula og desember i Lom! I tillegg vil vi anbefale deg å følgje Facebook-sida Jul i Lom for å halde oversikta. 

God førjulstid!

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje