Til nå har vi vore gjennom følgande tema:
Veke 37: FN sine berekraftsmål
Veke 38: God fysisk og psykisk helse
Det er framleis mogleg å sende inn innspel til desse temaene. Du finn dei her
Temaet denne veka (veke 39) er Førebyggande arbeid for barn og unge.
Førebyggande arbeid handlar om kontinuerleg arbeid for å fremje trivsel, læring og utvikling som grunnlag for eit godt liv, både nå og på sikt.
Førebygging og tidleg innsats er begrep som blir brukt om kvarandre. Ved å legge eit godt fundament dei fyrste åra, aukar sjansane for god utvikling seinare. Det betyr at skular, barnehagar og andre instansar som helsestasjon og barnevern arbeider for å førebyggje utfordringar, og at dei set inn tiltak så fort vanskar blir avdekt. Oftast blir fokus retta mot dei yngste barna, men det handlar også om å ta tak i utfordringar som oppstår seinare i livet.
I førebyggande arbeid er det viktig å tenke heile barnet. Godt tverrfagleg samarbeid og godt samarbeid med heimen er derfor avgjerande.
Førebyggjande arbeid handlar også om om sosial utjamning og inkluderande fellesskap. Det er med på å legge grunnlaget for god psykisk helse. Alle barn og unge skal oppleve at dei er inkluderte og høyrer til fellesskapet.
Vi håpar du vil vere med å seie di meining om denne tematikken ved å svare på spørsmåla under. Det kjem godt med i det vidare arbeidet med kommuneplanens samfunnsdel. Meininga di er anonym.