Kva tenkjer du om din neste bustad?

Lom kommune har no sendt ut ei spørjeundersøking til alle innbyggjarar over 16 år i Lom på SMS, knytt til framtidig bustadbehov. 
Dersom du fekk ei melding 7. mars kl. 19.30 kan du trygt trykke på lenka som ligg ved. 

Har du fått ein SMS frå Lom kommune torsdag kveld 7. mars kl. 19.30? Lom kommune inviterer alle sine vaksne innbyggjarar over 16 år til å svare på spørsmål om bustad i ei digital undersøking. Har du flytteplanar? Korleis vil du bu dersom du vil flytte, og ønskjer du å eig eller leige? Kva kvalitetar ser du etter i ein eventuell ny bustad?
Det er viktig å vere varsam med å trykke på lenkjer i meldingar. Denne gongen er lenkja i SMS heilt trygg å gå inn på, anten på mobilen eller i ein nettlesar. Undersøkinga er sjølvsagt anonym og tek mellom fem og ti minutt.

For kvart svar vert treffsikkerheita vår betre slik at vi kan planleggje betre for framtida. Undersøkinga er open fram til 25. mars. Resultata vil verte presenterte på bustadkonferansen til Lom kommune den 22. mai.

Vi set stor pris på å få inn mange svar, og kan røpe at det har kome inn over 430 svar allereie. 
Tusen takk til alle som tek seg tida! 
Vi vil særleg oppmode alle pårørande om å hjelpe sine næraste til å svare på undersøkinga. 
For mange eldre kan det vere vanskeleg å svare på eit digitalt spørjeskjema, men det er veldig viktig at vi får inn svar også frå denne målgruppa. 

Har du spørsmål knytt til undersøkinga kan du kontakte post@lom.kommune.no 
Dersom du ikkje har fått undersøkinga så må du gjerne ta kontakt med kommunen, så skal vi sende den til deg. 

Spørjeundersøking bustad

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje