Kven tykkjer du fortener kulturprisen 2025? Og kulturstipendet 2025?

Kom med dine forslag innan 19. oktober 2025!

Kulturpris

Kulturprisen blir gjeven for aktivt, friviljug og uløna kulturarbeid over lengre tid, eller for særleg fortenestefulle einskildtiltak som kjem kulturlivet i Lom kommune til gode. Har du eit godt forslag til kven som bør få kulturprisen 2025? Send inn ditt forslag via skjemaet nedst i saka. 

Kulturstipend

Kulturstipendet blir gjeve for å hjelpe fram ungdom med særskilde evner eller interesser på område innafor det utvida kulturomgrepet. Har du eit godt forslag til kven som bør få kulturprisen 2025? Send inn ditt forslag via skjemaet nedst i saka. 

Kulturstipendet kan du og søkje på. Da sender du inn ein søknad til post@lom.kommune.no eller til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom, innan 19. oktober 2025. Merk e-posten med Søknad til kulturstipend. 

Utdeling 

Frå no vil kulturpris og kulturstipend bli utdelt på eit fast arrangement i året. For 2025 vil pris og stipend bli utdelt under Vinterkveld under Lomseggen, fredag 23. januar 2026.

Her kan du sjå tidlegare vinnarar