Lågare kommunale avgifter frå 1.juli 2025

Kvifor er dei kommunale avgiftene lågare? Stortinget har vedteke at meirverdiavgiftssatsen på sal av vatn frå vassverk og avlaupstenester reduserast frå 25% til 15% frå 1. juli 2025.

Denne endringa skal bidra til å redusere levekostnadane for hushaldningar som har opplevd å få kjøpekrafta redusert som følgje av høg prisvekst og auka rente.

Ved endringar av satsar i meirverdiavgiftsreglane er det leveringstidspunktet som er avgjerande for kva for meirverdiavgiftssats som skal nyttast, uavhengig av faktura- og betalingstidspunkt. Dette inneber at slike tenester som er levert etter 30. juni 2025 avgiftsbereknast med 15 %. Tenester levert i perioden før 1. juli 2025 skal avgiftsbereknast med 25%. 

Du finn meir informasjon om dette på sticos.no