Lom får tilskot frå Husbanken til bustadprosjekt i distrikta

Lom kommune er ein av 25 kommunar i landet som får tilskot frå Husbanken til bustadtiltak i distrikta i 2025. Prosjektet «Omstilling – frå ord til handling» får tildelt 410 000 kroner.

Formålet med tilskotsordninga er å støtte kommunar som vil utvikle og prøve ut nye bustadkonsept og samarbeidsformer som kan gi fleire eigna bustader – særleg i distriktskommunar. Lom sitt prosjekt er eit av totalt 47 søknader som kom inn, og eitt av dei 25 som fekk støtte.

Prosjektet i Lom har som mål å bidra til omstilling i bustadarbeidet, og å gå frå plan til konkret handling. Tilskotet skal brukast til å utforske nye løysingar for bustadutvikling, gjerne gjennom samarbeid med både offentlege og private aktørar.

Husbanken har i samarbeid med Distriktssenteret valt ut prosjekta som får støtte. Dei legg vekt på at prosjekta skal bidra til meir bustadbygging, eit meir variert bustadtilbod, og betre tilgang på eigna bustader for ulike grupper. Det blir òg stilt krav om at kommunane skal dele kunnskapen frå prosjekta slik at fleire kan dra nytte av erfaringane.

Totalt blei det delt ut 21 millionar kroner til bustadprosjekt i distrikta for 2025.

Her kan du lese meir om kven som fekk utdelt.

Her kan du lese søknaden frå Lom kommune. (PDF, 16 MB)