Lom helseheim - eit eksempel til etterfyljing!

Lom helseheim har i over eit år vore med i RASK Oppland(Riktigere Antibiotikabruk for Sykehjem i Kommunen), og har heilt utrulege resultat å syna til! Overdreven og feil bruk av antibiotika er ei utfordring og i Norge, og kan føra til at antibiotikakurar ikkje har effekt når det virkeleg "gjeld".

Sjukeheimslege Merete Byre-Haakensen kan fortelja at helseheimen har hatt ein totalreduksjon av antibiotikamedisinering på 45,9 prosent, noko som er utruleg bra! At Lom helseheim i tillegg hadde eit lågt forbruk allereie før RASK starta opp, gjer det heile endå betre. Snittet i Oppland er på 18,6 prosent.

Det er ein god og målretta arbeidsinnsats frå dei tilsette ved helseheimen som ligg bak det gode resultatet: Vurderingar, observasjonar og målingar gjort av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og liknande ligg til grunn for at resultatet har blitt så bra, seier Merete.

Det er ikkje berre fornuftig antibiotikabruk som er viktig for dei tilsette ved Lom helseheim, det gjeld medisinering generelt: Det er ingen automatikk i at ein skal medisinerast berre fordi ein er godt vaksen! Ved helseheimen i Lom finst det fleire eksempel på bebuarar som ikkje nyttar medisin i det heile teke!

Lom kommune ynskjer å gratulere sjukeheimslegen og alle dei tilsette som har arbeidd fram dette framifrå resultatet - fortset med det gode arbeidet!

 

Les meir om RASK Oppland og resultata her

Kontakt

Merete Byre-Haakensen
Fastlege
Mobil 948 89 603