Lom kommune er ein av 11 kommunar som får innovasjonshjelp

Foto: Johan WildhagenLom skal utforske nye bustadmodellar for både fastbuande og besøkande, som bidrar til varierte og gode bumiljø. 

Attraktive stadar for kvinner, fleksible bustadmodellar og berekraftige hyttefelt. Dette er nokre av utfordringane 11 utvalde kommunar skal løyse med mellom anna hjelp av design og arkitektur i årets runde av Gnist.

Åseral, Lom, Vanylven, Sortland, Suldal, Nome, Sogndal/Luster/Aurland, Nore og Uvdal og Skjervøy er årets Gnist-kommunar.

Desse vart vald ut blant 32 søknadar frå kommunar i heile landet. DOGA, Nordic Edge og Distriktssenteret stod for utvelginga i tett samråd med fylkeskommunane, som også bidrar med finansiering og stønad til dei utvalde kommunane.

Gnist-kommunane får nå hjelp til å koble på design- og arkitekturkompetanse, og annan relevant kompetanse, for å avdekke moglegheiter og ressursar, og drive fram nyskapande og berekraftige løysingar på viktige utfordringar.

– Her har vi innovasjonsviljuge kommunar som ynskjer å gå i front, og utfordre både seg sjølv og næringslivet til å tenke nytt. Løysingane vil kunne skalerast til andre kommunar med liknande problemstillingar, og bidra til inspirasjon og nytenking på tvers av regiongrenser, seier Malin Kock Hansen, prosjektleiar for Gnist-programmet i DOGA.

Etterlyser designarar og arkitektar

Designarar, arkitektar og andre aktørar med relevant kompetanse oppmodast til å gå saman i tverrfaglege team og sende inn tilbod. DOGA og Nordic Edge plukkar saman med kommunane ut eitt team pr. kommune – 9 totalt – som mottar 300 000 kroner kvar for å utvikle løysingar på dei utvalde kommunane sine utfordringar. Det skjer i form av ein designprosess tilpassa lokale behov i perioden mai–oktober 2022.

Konkurranseprogramma med meir informasjon om kommunane sine utfordringar og sjølve prosessen blir lansert 10. mars 2022.

Attraktive lokalsamfunn i heile Norge

Gnist-programmet koblar stadsutvikling saman med næringsutvikling. Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram er positiv til at utviklinga av stadar, tenester og næringar blir sett i ein samanheng.

– Mangfoldige bygder med eit levande sentrum, urbane kvalitetar, gode møteplassar og flott natur kan tiltrekke seg unge menneske som etablerar seg. Det kan igjen gje tilgang på viktig kompetanse som er naudsynt for distrikta sin framtidige berekraft og attraktivitet. Eg gledar meg til å fylgje med på dei nye Gnist-kommunane, seier Gram.

Dette er utfordringa Lom kommune skal få hjelp til å løyse: 

Lom ynskjer å utforske nye bustadmodellar for både fastbuande og besøkande, som bidrar til varierte og gode bumiljø. 

Du kan lese meir om dei ulike prosjekta på Doga.no elle last ned pdf-fil her.