Lom kommune er nr 14 i landet på årets Kommunebarometer

Kommunebarometeret er ei årleg rangering av norske kommunar der 151 nøkkeltal blir lagt til grunn. Nøkkeltala er mellom anna henta frå barnehage, skule, pleie og omsorg, barnevern, tekniske tenester og økonomi.

Som døme på variablar er avgangskarakterar i skulen, trivsel i skulen, andel med fagutdanning innan pleie og omsorg, barnehage og skule, andel plassar på sjukeheim til demente, dekningsgrader for sjukeheimsplassar og heimetenester, bemanning i høve pedagognormen i barnehage osv. Summen av desse variablane gjer at Kommunal Rapport (som er ansvarleg for Kommunebarometeret) rangerer kommunane. Det er verd å merke seg at det blir gjort ei vekting mellom tenestene. F.eks vektar grunnskule og pleie og omsorg 20 % kvar.

Administrasjonssjef Ola Helstad er godt tilfreds med resultatet.  « Det er godt gjort av ei lita kommune å hevde seg godt i denne spennande rangeringa.  Lom har gjort eit stort byks oppover tabellen frå i fjor - frå 101. plass til 14. plass! Det er fleire årsaker til dette. Men først og fremst er det grunn til å rette ein takk til dei tilsette i kommunen som gjer ein framifrå innsats og bidreg avgjerande til at resultatet er så godt som det er.  Eg vil elles gratulere Dovre kommune med 1. plass. Det står det verkeleg respekt av». 

Helstad avsluttar med å vise til at barometeret er førebels. og at endeleg resultat ikkje kjem før i juni av di reviderte rekneskapstal ikkje ligg føre før da. «Erfaringsmessig er det berre små justeringar frå mars til juni, noko som gjer at Lom kommune nok ligg godt an også da.» avsluttar Helstad.

Om det er spørsmål til Kommunebarometeret så er det berre å ta kontakt på ola.helstad@lom.kommune.no eller tlf 97161865.

Les meir om Kommunebarometeret her og gå gjerne inn for å sjå på enkelte tal som er med.

https://kommunal-rapport.no/kommunebarometeret/2019/03/her-er-nokkeltallene-og-metoden-bak-kommunebarometeret-2019