Målet med Freysta er å gjere det enklare for folk i Noreg og ute i verda å finne fram til draumebygda si. Det primære målet er auka tilflytting til distrikta, men portalen er òg eit nyttig verktøy for dei som vil på tur og oppleve nye stader. Presentasjonen av Lom er på engelsk, og viser kva bygda har å by på.
Her finn du artikkelen om Lom hjå Freysta.
– Lom er ein nydeleg plass med flott særpreg! Det seier grunnleggaren av Freysta, Marion Solheim.
Marion Solheim– Det gir meining for oss å lage ein søkbar portal for bygde-Noreg. Det er litt som Tinder og litt som Finn.no. Kort sagt vil vi syne fram Lom til verda. Jo fleire som får augo opp for bygda, desto betre. Vi i Freysta har det same målet som distriktskommunane i Noreg – sprell levande bygder, eit lokalt næringsliv i vekst og yrande liv i skulegardar og barnehagar. Vi håpar at Freysta kan vere eit bidrag til dette; vi vil synleggjere Lom både på nett og i sosiale medium for eit internasjonalt publikum. For det finst mange kompetente folk og barnefamiliar der ute som draumar om eit liv på landet – det veit vi. Vi må berre vise dei vegen og hjelpe dei fram, seier Marion.
Freysta