Lom og Skjåk kulturskule

Det blir ikkje fysisk undervisning med det fyrste. Ny vurdering blir teke 11. mai.

  

1. mai får kulturskulane ein nasjonal rettleiar for smittevern. I perioden mellom 1. mai og 11. mai skal alle kulturskulane i regionen jobbe med smitteverntiltak.

Alle elevar innan instrument- og songopplæring, dans og visuell kunst har tilbod om nettundervisning. Vi oppmodar alle elevar innan desse tilboda om å ta imot denne undervisninga. Dersom du ikkje alt er i gang, ta kontakt med læraren din slik at du kjem i gang med nettundervisning.