Restriksjonane på hagevatning 

Med bakgrunn i stort vassforbruk og omfattande hagevatning må Lom kommune innføre restriksjonar på hagevatning. Dette for å sikre vassforsyninga til alle og kunne takle akutte hendingar. Restriksjonane på hagevatning gjeld frå 5. juni til 31. august 2021.

 

Det er tillate å vatne kvar andre dag mellom kl. 19.00 og 23.00. Det er berre tillate å bruke en spreiar.

Husnummeret ditt bestemmer dei dagane du kan vatne: 

På datoar med oddetal (1, 3, 5 osv.) er det tillate å vatne på eigedomar som har husnummer med oddetal.  

På datoar med partal (2, 4, 6 osv.) er det tillate å vatne på eigedomar som har husnummer med partal. 

 

Dersom desse tiltaka ikkje er tilstrekkeleg kan det bli innført strengare reglar. 

Det blir bede om at alle viser måtehald ved hagevatning og etterlever restriksjonane.