Det er tillate å vatne kvar andre dag mellom kl. 19.00 og 23.00. Det er berre tillate å bruke en spreiar.
Husnummeret ditt bestemmer dei dagane du kan vatne:
På datoar med oddetal (1, 3, 5 osv.) er det tillate å vatne på eigedomar som har husnummer med oddetal.
På datoar med partal (2, 4, 6 osv.) er det tillate å vatne på eigedomar som har husnummer med partal.
Dersom desse tiltaka ikkje er tilstrekkeleg kan det bli innført strengare reglar.
Det blir bede om at alle viser måtehald ved hagevatning og etterlever restriksjonane.