Nå startar arbeidet med tilrettelegging i Presthaugen!

Det vil bli graving i Presthaugen i tida framover. Årsaka er at det skal leggast til rette for ny brannsikring og innbrotsalarm i bygdemuseet, samt at det skal bli ein flatare gangveg med ljos. Ver forsiktig når du går der i tida framover!  

Befaring i Presthaugen hausten 2022 Åshild Myhre Amundsen

Følgjande er no fullfinansiert og klart til å settast i gong: 

1. Ny brannsikring og innbrotsalarm i Lom bygdemuseum i Presthaugen. For å få til dette blir det graving av ei kabelgrøft langs eksisterande veg / stig. 

2. Tilrettelegging av veg / stig. Parallelt med graving av kabelgrøft blir stigen utvida (til maks 1,5 m), flata ut og diskre lyssatt. Dette for å gjere det enklare for folk å bevege seg gjennom Presthaugen. Den vil likevel ikkje bli rekna som universiell uforma, sidan den eine bakken opp frå eldhuset har for bratt stigning. Men det vil bli langt enklare å bevege seg der enn det er i dag. Bakgrunnen er eit forstudie av Funkibator, på vegne av Lom nasjonalparklandsby (Lom kommune).  Føremålet var å sjå på korleis Fossbergom kan bli meir tilrettelagt for ulike brukargruppar, t.d. folk som er dårleg til beins, har rullestol, trillevogn eller liknande. Rapporten kan du lese her. (PDF, 337 kB) 

Det er Gudbransdalsmusea som står som formell søkjar, i tett samarbeid med Lom kommune og Lom heimbygdslag. Proel AS og Garmo Maskin skal gjennomføre arbeidet. Kulturarv hos Innlandet fylkeskommune har også vore involvert i prosessen, og Lom kommune har behandla dispensasjonssøknad.
Både Norsk Kulturråd, stiftinga UNI, Gudbrandsdalsmusea, Lom kommune og Miljødirektoratet (Naturarven som verdiskapar) er med på finansieringssida. Tiltaket har eit budsjett over ein million kroner, og er tenkt gjennomført i løpet av 2022, med oppstart no. 
Stigen ser du innteikna på kartet (det går langs ein eksisterande veg / stig): 

Innteikna veg / stig Synfaring i 2020 Åshild Myhre Amundsen