Kring 150 tok del i tenning av julegranene, fyrste sundag i advent.
Det var godt med folk når julegranene på Bergom og ved masta under Lomseggen blei tent. Tenninga skjedde etter messa i Lom stavkyrkje, og blei innleidd av eit stemningsfullt fakkeltog og julemusikk frå Lom og Skjåk Brass. Varaordførar Bjørn Ola Aukrust var konfransier og lokka fram nissen, og saman med flotte innlegg frå Margit Husevåg (prest), Anna Bøje Kvandalsvoll og Tor Olav Mundal, blei dette ein fin ettermiddag i Lom.
Lom kommune v/ Bjarte Rossehaug
Publisert 02.12.2024 08.47
Sist endret 02.12.2024 08.49