Nødvarsel på mobil

Nødvarsel skal brukast til å varsle om akutte og alvorlege hendingar som truar liv og helse. Eit nødvarsel inneheld informasjon om kva som skjer, og kva du må gjere for å beskytte deg sjølv. 

Nødvarsel er ei teneste frå norske myndigheiter. Det er politi og Sivilforsvaret som avgjer kva for område som skal varslast og som sender ut sjølve varselet. 

Dette skjer når du får eit nødvarsel:

  • Telefonen vibrerer og spel av ein høg sireneaktig lyd.
  • På skjermen kjem det opp ei stutt tekst som fortel deg kva som skjer og kva du bør gjere. Om telefonen din støttar tekst til tale kan du få meldinga lese opp.

Når du mottek eit nødvarsel, skal du stoppe opp, lese eller lytte til varselet, og følgje rådet.

Når skal Nødvarsel brukast?

Den første tida etter lansering kan Nødvarsel brukast til å varsle om akutte og alvorlege hendingar som gjeld store delar av landet. Det kan vere hendingar med radioaktivt utslepp, alvorleg terror eller andre ulykkes- og katastrofesituasjoner, der befolkninga må varslast raskt.

Etter kvart skal Nødvarsel rullast ut for bruk ved akutte og alvorlege hendingar lokalt og regionalt.

Systemet skal også testast av og til. Du kan sjå planlagte datoar for testing på nodvarsel.no.

Les også: Kva får du varsel om?

Befolkningsvarsling og informasjon

Nødvarsel på mobil er eit tillegg til dei kanalane som allereie brukast for å varsle befolkninga. I Norge har vi lenge hatt befolkningsvarsling via tyfonar, som med høg lyd gir signal om at du må oppsøkje informasjon. 

I ei alvorleg hending vil viktig informasjon bli delt i mange kanalar, som for eksempel på radio, tv, nettaviser, myndigheitene sine eigne nettsider og på sosiale media.