Ny kommuneplan vedteke i kommunestyre 15.12.2022

Samfunnsdel og arealdel vart vedteke av Lom kommunestyre 15.12.2022 (sak 2022/78 og sak 2022/79).  

Kvar skal vegen for Lom gå dei neste åra?

Kommunestyret i Lom vedtok 15.12.2022 ny kommuneplan for Lom. Gjennom å vedta ein kommuneplan med satsingsområda berekraft, attraktivitet og leve heile livet i Lom har vi sett oss mål som vi skal arbeide aktivt mot, både som kommuneorganisasjon og saman med innbyggjarane i Lom. 

Mange av måla heng saman med store nasjonale satsingsområde som kommunen er ein del av, og har direkte samanheng med omstillingar som Lom må gjennom dei næraste åra. Nokon mål er kommunen sine heilt eigne. Og i botnen av alt dette ligg FN sine berekraftmål: Ei berekraftig utvikling, der ein imøtekjem dagens behov utan å øydelegge moglegheitene for at komande generasjonar skal få dekt sine behov. 

Den nye kommuneplanen vil vere førande for arealbruken i planområdet, og vil vere førande for nye reguleringsplanar og ved revisjon av eldre reguleringsplanar. Planen vil også vere retningsgjevande ved dispensasjonsbehandling der eldre reguleringsplanar ikkje er i samsvar med ny kommunedelplan.

Kommuneplanen har eit langtidsperspektiv på tolv år, men minst kvart fjerde år skal ein vurdere om planen treng revidering.

Les meir om arealdelen

Les meir om samfunnsdelen

Live Andrea Sulheim