Ny ladestasjon for el-bil i Lom

Visste du at Lom har fått ein splitter ny ladestasjon? Du finn den utanfor Kiwi, Europris og Gausdal Landhandleri. Dette er ein ladestasjon frå Kople, som du kan lese meir om den på Kople si heimeside. 

Ny ladestasjon for el-bil - Klikk for stort bildeNy ladestasjon for el-bil Arnt Rune Vole

Adressa til den nye ladestasjonen til Kople er Stupulvegen 9, 2686. 
Ladestasjonen er ikkje lagt inn i kartløysinga til Kople når denne artikkelen blir publisert (mai 2023), men dette kjem nok på plass innan kort tid. 

Totalt finn du altså to moderne ladestasjonar i Lom, i nærleiken av både Coop Extra og Kiwi. 
I tillegg til Kople sin nye ladestasjon så har Eviny bygd ein ny ladestasjon ved Nedre Ulstadveg 2.
Der finn du totalt 30 ladepunkt. Les meir på Eviny si heimeside. 

Utover det så er det mange reiselivsbedrifter i Lom som har investert i ladepunkt til eigne kunder. På Visit Jotunheimen si heimeside finn du ei oversikt over overnattingsplassar i Lom og omegn. 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje