Ny tilsetting av kommunedirektør
Jostein Gårderløkken frå Vinstra er tilsett som ny kommunedirektør i Lom kommune.

Det var eit einstemmig kommunestyre som vedtok å tilsette Gårderløkken som kommunedirektør fredag kveld.
Dette seier Gårderløkken etter tilsettinga fredag kveld:
- Eg ønskjer å takke kommunestyret for tilliten. Eg er svært glad og audmjuk over at eg har fått denne spennande jobben. Det er stort. Nå gler eg meg til å ta fatt på jobben, bli kjent med organisasjonen, dei tilsette og lomssamfunnet.
Publisert 26.02.2024 08.48