Nye søppeldunkar til sumaren

I tråd med moglegheitstudiet frå 2022 har Lom kommune kjøpt inn fem nye søppeldunker (Molok) for Fossbergom. 
Desse skal erstatte mange av dei små søppeldunkene som finst i sentrum per dags dato. 

I moglegheitsstudie for Fossbergom frå 2022 vart det peikt på at dagens søppelkasser i sentrum, som i stor grad er spesialbygde i tre, med lokk med saltak, er modne for utskifting. I rapporten frå Nordplan står det at "dei byrjar både å bli slitte, det kan vera vanskeleg å oppfatte formålet, og i tillegg er lokka svært tunge, slik at dei ikkje tilfredsstiller krav til universell utforming".
Nordplan sitt forslag er at ein erstattar desse med nedsenka avfallsbrønner på sentrale lokasjonar, gjerne i klynger med et par/tre stykker. 

Dette har ført til at kommunen no har kjøpt inn fem nye søppeldunker av typen Molok Classic Light 2m³. i fargen brun. 
Diameteren på dunkane er 170 cm, og dei vil bli plassert på torget – ved kommunal plass Bakeriet – parkeringsplass utanfor Byggern og to stk. på Kyrkjevollen. 
Du kan sjå plasseringa i kart her: (JPG, 172 kB)

Med betre kapasitet og større volum er målet å unngå problematikken med overfylte søppelkasser og ressursbruken knytt til hyppig tømming i høgsesongen. I tillegg til desse dunkane vil det bli sett ut nokre mindre søppeldunker for panting. 
 




Bildet er lånt frå Molok.