Nyheitsbrev til næringslivet 17. mars

Kva er statusen i næringslivet vårt no? Og kan næringssjefen bidra til å hjelpe deg på noko vis? 
Dette var spørsmålet i det siste nyheitsbrevet, som blir sendt ut frå næringssjef Åshild M. Amundsen.
Les det her:  

Kva skjer hos deg no?
 

Vi er inne i ein heilt spesiell situasjon, og mange i næringslivet har det tøft no. Mange av hjelpetiltaka kjem på regionalt / nasjonalt nivå, men vi vil gjerne bidra lokalt au. For å lykkast med det, spør eg: 

1. Kva er statusen for di bedrift no? 
2. Er det noko næringssjefen kan gjere for å lette situasjonen for deg? Har du bruk for informasjon, rådgjeving etc.?

Eg er sjølvsagt ingen ekspert på verken permittering eller korona, men vil gjere mitt beste for å finne ut av ting. 
Du kan kontakte meg på følgjande måte: ashild.amundsen@lom.kommune.no / tlf. 975 22 977

P.S. Eg har heimekontor, men må passe veslejenta mi delar av tida (sidan barnehagen er stengt). Det er derfor ikkje sikkert at eg får svart deg umiddelbart, men eg gjer så godt eg kan.  Ikkje nøl med å ta kontakt om stort eller smått, eller dersom du berre treng nokon å "sparre med" i ei vanskeleg tid.  

 

Held deg oppdatert: 


Informasjonen endrar seg no frå dag til dag. 
Desse heimesidene innheld mykje nyttig og oppdatert informasjon: 

- Oversikt over den nye krisepakka pr. 16.03, på Dagbladet
- Temaside om korona på folkehelseinstituttet
- Temaside om korona på helsedirektoratet (inkludert m.a. plakater til nedlastning)
- Nye permitteringsreglar m.m. frå NAV
- Arbeidstilsynet 
- Melding frå Sparebank1 Lom og Skjåk
- Råd til bedrifter ang. korona frå NHO
- Råd til reiselivsbedrifter frå NHO Reiseliv
- Stortingets tiltak for næringsliv og arbeidstakere pr 17.03.2020
- Søknad om redusert garanti - reisegarantifondet


Ynskjer du å få tilsendt nyheitsbrevet? 

 

Send melding til 975 22 977 eller ashild.amundsen@lom.kommune.no for å melde deg på. 
Du kan enkelt melde deg av att når du vil. 

 


 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje