Nytt til næringslivet, 1. utgåve, 2018

2018 er i gong for fullt, og det er på høg tid med eit nytt nyheitsbrev!

Møte om dugnadsfiber måndag 19. februar
 

Måndag 19. februar blir det arrangert to møte om dugnadsfiber saman med Eidsiva og private initiativtakarar.
Dugnadsfiber er fiber som blir bygd ut basert på eit samarbeid mellom private eldsjeler og utbyggjar, eventuelt også kommunen. Føremålet med møte er å kartlegge interessa og informere om korleis eit slik prosjekt kan organiserast / finansierast.

 

Kl. 17 – 18.30: Møte om dugnadsfiber for busette langs Riksveg15, frå Prestgardssvingen til kommunegrensa ved Skjåk. Møteplass: kommunestyresalen på Midtgard.
Kl. 19.00 – 20.30: Møte om dugnadsfiber for busette i Lia. Møteplass: Lidarende (grendahus)

Følg med på Lom næringsforum på Facebook for ytterlegare informasjon.

Næringspub i Ottadalen 25. januar

Velkomen til Næringspub i Ottadalen. Denne gongen blir temaet "korleis løfte Nord-Gudbrandsdalen som vinterdestinasjon".

Wenche Breien Løfsgaard frå Venabu fjellhotell kjem til næringspubenProgram:
19:30 Lokal fingermat og moglegheit til å kjøpe drikke frå baren.
20:00 Foredrag med Wenche Breien Løfsgaard frå Venabu Fjellhotell. "Guiding - meir enn berre tryggleik - Korleis har Venabu utvikla sitt vinterprodukt?"
20:45 Korleis kan Nord-Gudbrandsdalen bli ein meir attraktiv vinterdestinasjon? Diskusjon og idémyldring.

Arrangementet gratis og ope for alle.

Sjekk ut arrangementet på Facebook her.

 

Det Norske Måltids heiderspris til Morten Schakenda


Juryen skriv dette i si grunngjeving: 

Årets vinner utøver sitt fag med kompromissløs kvalitet i alle ledd. Han har i en årrekke formidlet sin gastronomiske kunnskap og matglede til profesjonelle og andre matinteresserte, i Norge og i store deler av verden.

Schakenda har i godt voksen alder tilegnet seg ny fagkunnskap og driver i dag en av landets mest kjente håndverksbedrifter innen dette faget.

Han har et ukuelig pågangsmot og fremstår med sine sterke verdier som en virkelig bauta og inspirator innenfor måltidsbransjen. Vinneren har skrevet en rekke bøker innen sitt nye fag.

Årets vinner fikk i 2017 Møllerens inspirasjonspris og for sin rolle som ambassadør i bruken av korn- og melbaserte produkter. 

Lom kommune gratulerer!

Søk om tilskot til fisk, vilt og friluftsliv (Tessereguleringa)

 

Åsmund Galde Årleg kjem det inn eit tilskot på kr. 100 000 som følgje av Tessereguleringa. Vedtekter for bruk av fondet vart nyleg vedtatt, og dermed er det mogleg å søkje om tilskot i 2018.

Fondet skal nyttast til tiltak som kjem inn under området «fisk, vilt og friluftsliv». Vilkåret er at tiltaka kjem allmennheita til gode. Midlane skal fortrinnsvis nyttast til investeringar og til arrangement/ aktivitetar som stimulerer til auka interesse og kunnskap om fisk, vilt og friluftsliv. I særskilte tilfelle kan midlar frå fondet nyttast til driftstiltak.


Tiltak i vassdragsavsnitta som er direkte påverka av Tessereguleringa og nærliggande område innanfor Garmo sokn skal prioriterast.

Søknadsfristen er 1. mars 2018, og søknadar kan sendast til post@lom.kommune.no
Kontakt Sander Sælthun på sander.saelthun@lom.kommune.no / 47463218 dersom du har spørsmål.

 

Vellykka stillingsslepp i romjula

Vågå kommune stod i spissen for eit nytt stillingsslepp jula 2017, denne gongen med 101 (!) ledige stillingar frå heile Nord-Gudbrandsdalen, inklusiv både faste stillingar, sesong og lærlingar.
«Stuntet» skal evaluerast, men det er ingen tvil om at slike initiativ aukar merksemda rundt Nord-Gudbrandsdalen som ein attraktiv bu- og arbeidsregion. I tillegg er det sjølvsagt særs positivt at både privat og offentleg sektor har så mange ledige arbeidsplassar å tilby. Det gjer det m.a. enklare for eit par som treng å finne jobb til begge før flytting er aktuelt.

Ja til fleire stillingsslepp i framtida!
Du finn fortsatt mange av stillingane inne på vågåleve.no

 

Søk om tilskot til aktivitetar innan natur- og kulturbasert næringsutvikling
 

Planlegg du eit arrangement eller ein aktivitet innanfor natur- og kulturbasert næring?
Regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen har kr. 600 000 til utdeling i 2018.

Løp og søk før 1. februar!

Du kan lese meir om ordninga her:

Inviterer til nasjonal konferanse om destinasjonsutvikling 12. – 13. februar

Snowball 2018 er rett rundt hjørnet for åttande gong. Dette er ei nasjonal konferanse som bør vere aktuell for alle som er interessert i destinasjonsutvikling, berekraft, historieforteljing og digitalisering. Målgruppa for konferansen er reiselivsbedrifter, destinasjonsselskap, arrangørar, FoU-miljø og offentlege aktørar.

Påmeldingsfristen går ut 15. januar. For meir informasjon, klikk her.

 

Gratis nybyrjarkurs i sosiale medier 15. mars med Tormod Sperstad i DMT Alvdal
 

Utvida frukostmøte kl. 7.30 – 10.00:

Start dagen med ein nydeleg frukost frå Fossheim Hotell og få matnyttige tips om sosiale medier! Dette vil passe for små – og mellomstore bedrifter.

Dette lærer du:
- kva sosiale medier ei bedrift bør satse på å bruke i 2018.
- kva ei bedrift kan bruke ulike sosiale medier til.
- sosiale medier som marknadsføringskanalar.

For meir informasjon, sjekk ut arrangementet på Facebook. Meld deg på til ashild.amundsen@lom.kommune.no innan 10. mars 2018 dersom du vil delta.


Oppsummering av året 2017

Er du glad i å halde deg oppdatert? Da bør du sjekke ut Oppland Fylkeskommune sin fylkesstatistikk for 2017. Her står stort sett det du treng å vite og meir til! Gode data om alt frå næringsliv, innbyggjartal, kulturliv, helse, utdanning osv. ned på kommunenivå.
Les og lær!

1 million til forenkling av utmarksforvaltningen i Lom kommune

Rett før jul fekk Lom kommune ein million kroner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å forenkle utmarkforvaltninga. I prosjektet skal Lom kommune arbeide saman med Norsk fjellsenter, Jotunheimen nasjonalpark og Lom fjellstyre. Saksområdet for prosjektet omfattar motorferdsle, byggjesaker, søknadar knytt til landbruksnæring og bruksrettar i statsallmenning, og søknadar og rapportering for naturbasert reiseliv i verneområda.
Prosjektleiaren for prosjektet er Anne Silje Berg på Norsk fjellsenter. Med seg i prosjektgruppa har ho Sander Sælthun og Åshild M. Amundsen frå Lom kommune, Mai Bakken frå Norsk fjellsenter, Odd Repp frå Lom fjellstyre og nasjonalparkforvaltar Kari Sveen i Jotunheimen nasjonalpark.
Prosjektet vil ha høgt brukarfokus, og vil gå fram til 1. desember 2019.

Lanserte kampanje for Norddalen

På den årlege julelunsjen til Sparebank1 Lom og Skjåk før jul vart den nye kampanjen «Vi bankar for Norddalen» lansert. Her kan du mellom anna bli inspirert av historiene til bedriftene Aktiv i Lom, Stryvo, Avdemsbua, Hubertus og Gjendebåten.

Sjekk ut både video og forteljingane på Sparebank1 Lom og Skjåk si eige heimeside
 

 

NAV arrangerer jobbmesse på Otta 15. februar / Vinstra 15. mars

Jobbmessa skal fyrst og fremst vere ein møteplass mellom arbeidssøkjar og bedrifter som søkjer nye medarbeidarar. Ei jobbmesse er ein fin moglegheit for både bedrifter og kommunar til å marknadsføre seg som ein mogleg framtidig arbeidsplass.

Ta gjerne kontakt med Arne Christian Mælhum dersom du har spørsmål: arne.christian.mehlum@nav.no
Ei jobbmesse er ein fin moglegheit for bedrifter og kommunar til å marknadsføre si bedrift som ein mogleg framtidig arbeidsplass.


Søk om IBU-midlar i landbruket

Dei nye retningslinjene for midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlane) i 2018 er no klare.

For tradisjonell næring er søknadsfristen 1. februar, for tilleggsnæringar (bygdenæringar) er det fortløpande handsaming.