Offisiell opning av Lom mat- og eldhus og ny gangstig i Presthaugen

I høve Sparebank 1 Lom og Skjåk si jubileumsfeiring vert det offisiell opning av Lom mat- og eldhus og ny gangstig i Presthaugen laurdag 3.juni.

Opning av Lom mat- og eldhus 

Våren 2022 stod det nye mat- og eldhuset i Presthaugen ferdig. Idéen kom frå reiselivsnæringa i Lom v/Arne Brimi. Mat- og eldhuset har ein innandørs bakstomn, og kjøkenfasilitetar slik som til dømes vask, platetopp, kjøle- og fryseskåp og kaffetrakter. Utafor eldhuset er det ein stor eldplass. Huset kan leigast av til dømes bedrifter, barnehage og skule og frivillige lag for å skape særprega matopplevingar.

Mat- og eldhuset har allereie vore ein del i bruk det siste året, men skal no markerast med ei offisiell opning i samband med Sparebank 1 Lom og Skjåk si jubileumsfeiring laurdag 3.juni. 

Ny tilrettelagt gangstig

Tilretteleggingsarbeidet i Presthaugen nærmar seg no ferdig. Lom bygdamuseum har fått ny brannsikring og innbrotsalarm, og vegen/stigen gjennom Presthaugen har vorte meir tilrettelagt med flatare utforming og ljos. Prosjektet er eit samarbeid mellom Gudbrandsdalsmusea, Lom kommune og Lom heimbygdslag, med finansiell støtte frå Norsk Kulturråd, stiftinga UNI, Gudbrandsdalsmusea, Lom kommune og Miljødirektoratet. Arbeidet er utført av Proel AS og Garmo maskin.

Program for dagen

Når: Laurdag 3.juni 2023

Stad: Friluftsmuseet Presthaugen i Lom sentrum

Fra kl. 11.00
Aktiviteter for små og store i Presthaugen
Servering og kiosksalg ved Lom IL
Kafé med Bygdekvinnelaget
4H har stand
Tur og aktivitetar for born med DNT Gudbrandsdal
Ridning for barn med Jotunheimen Hestlag
Husa i Presthaugen er opne for publikum

Ca kl. 14.00
Velkommen til Presthaugen v/SpareBank 1 Lom & Skjåk
Offisiell åpning av det nye mat- og eldhuset og ny gangstig i Presthaugen:

  • Ein hyllest til bålmaten v/ dagleg leiar i Gudbrandsdalsmusea Øystein Rudi
  • Eit løft for folkehelsa v/ Marit Rossehaug i Lom Heimbygdslag
  • Takk til alle involverte v/ Lom kommune
  • Kulturelle innslag

Kl. 15.00
Konsert med Emma Steinbakken
Gratis for alle!

Kl. 16.30
Takk for i dag!

Program for opningsarrangement mat-og eldhus og gangstig - Klikk for stort bildeProgram for opningsarrangement mat-og eldhus og gangstig