Olsok i Lom 24. og 29. juli 2021

Klikk for stort bildeEin av dei mange, store vardane etter Olavsråket mellom Lesja og Lom Reidar Marstein  Etter Snorre er det i år 1000 år sidan Olav den heilage med fylgje for frå  Bø på Lesja til Nes i Lom og vidare ned dalen til Hundorp. Lom Heimbygdslag har i samarbeid med Lom kyrkjelege råd laga program:                                                                                                                               

Laurdag 24. juli

TUR ETTER "OLAVSRÅKET"

Frammøte i Åslia kl 08.45

Start kl 09.00, 12 km vandring til Staurustsetra/Stavåsen,

ca kl 14.30 – 15.00 avduking av namneplate.

Kl 16.00 går vi ned Stavebrekka til Staurust, ca 1 time

Den som treng buss-skyss, meld frå til Arve Nørjordet, 917 27 417, seinast 22.7.

(16 plassar, kr 100,- pr person) Buss frå Best kl 08.15, frå Staurust kl 17.00

Turleiar: Reidar Marstein, saman med Hans-Jacob Dahl, leiar for Pilegrimssenter Dovrefjell

 

Arrangør: Lom Heimbygdslag

 

LOMSKYRKJA 24. JULI Kl 20:00

UTE:

Ordførar legg ned blomar ved Olavssteinen ved kyrkjeporten.

INNE:

  • Velkomsthelsing.
  • Leiar for Pilegrimssenter Dovrefjell, Hans-Jacob Dahl.
  • Salme
  • Kristbjørn Rossehaug og Reidar Svare: utdrag frå St. Thomas-hymnen
  • Tonje Lien Barkenæs og Stein Magne Eggen spelar vals og springleik.
  • Salme
  • Vel heim. (slutt ca kl 21.00)

 

Arrangør: Lom heimbygdslag og Lom kyrkjelege råd

 

29. JULI 2021

Kl 15:00                Vandring til Olavssteinen på Synstnes

Kl 16:30                Omvisning i Lomskyrkja

Kl 18:30                Olsokmesse i Lomskyrkja

Kl 19:30                Olsok i Presthaugen. (kan bli endra på grunn av korona eller været)

          Olsoktale ved Hans J Sagrusten. Musikk ved Lom spel og dansarlag.

Diktlesing. (Kaffe og kringle)

Inngang kr 100, (kont/vipps)

VEL MØTT.

 

Arrangør: Lom Heimbygdslag