Ope møte om forslaget til ny fjellov

Turgåarar på veg til Skutlein - Klikk for stort bilde

Utgard (kaféen) måndag 11. februar kl. 19.

Forslaget til ny fjellov er no på høyring med høyringsfrist 28. februar. Kva vil forslaget til ny fjellov bety for innbyggjarar og bruksrettshavarar? 

Spørsmålet er aktuelt også for gardbrukarar i Skjåk med bruksrett i statsallmenningane i Lom.

Program: 

  • Kort orientering om statsallmenningane i Lom v/Lom fjellstyre og Finndalen fjellstyre
  • Orientering om forslaget til ny fjellov v/ Rolv Kristen Øygard, medlem i statsallmenningslovutvalet
  • Ny fjellov sett frå fjellstyret sitt synspunkt v/ Erik Frisvold, leiar i Lom fjellstyre.
  • Framlegg til høyringsuttale frå Lom kommune v/ Sander Sælthun, plan- og miljøvernrådgjevar
  • Ordskifte.

 

Det blir enkel kaffiservering.

Arrangør: Lom kommune og Lom fjellstyre