Oppdatering av flaumsituasjonen

Bøvre oppstrøms Leirmo _Foto Sander Sælthun  Flaumvarselet frå NVE er måndag ettermiddag framleis på oransje nivå – dvs. nest høgaste nivå. Kommunen følgjer med på situasjonen.

Flaumvarselet frå NVE er måndag ettermiddag framleis på oransje nivå – dvs. nest høgaste nivå. Kommunen følgjer med på situasjonen. Nivået i Bøvra har på topp ligge på om lag 5-års flaum, medan Vågåvatnet har nådd over nivå for 10-års flaum. Både Bøvre ved målepunkt Akselen og Ottaelva ved målepunkt Ofossen, har gått noko attende sidan i formiddag. I Vågåvatnet og på Skim kan ein venta at vasstanden kan halde fram og stige noko.

Slik NVE ser det, er usikkerheita knytt til om ein får eit høgare flaumnivå, no i første rekkje knytt til om det kjem nedbør i tillegg til den store snøsmeltinga i fjellet. Om det ikkje blir særleg nedbør, reknar ein med minkande flaumnivå.

Det er viktig at dei som bur, har verksemd eller oppheld seg ved vassdraga, held seg oppdatert om flaumsituasjonen. Som informert tidlegare er det viktig å sikre og fløtte verdiar bort frå flaumutsette område (til dømes frå kjellarar, frå uthus, fløtte biler, landbruksmaskinar, campingvagnar, rundballar osv). Det er også viktig at folk held seg på trygg avstand frå elvar og bekkar med stor vassføring.