
Det blir Pride-markering i parken på Otta fredag 14. juni!
Dei serverer Pride-kake kl. 11 så langt det rekk.
Pride er ei feiring av skeiv kjærleik og mangfald, og formålet med Pride er å synleggjere det store mangfaldet innan seksualitet, kjønn og kjærleik. Det viktigaste symbolet for Pride er regnbogeflagget.
Det blir flagging av regnbogeflagg i Lom denne dagen!