Sanering av Telenor sitt gamle kobbernett i Lom

Linjeproff AS vil i løpet av sommaren 2025 starte med sanering av Telenor sitt gamle kobbernett i Lom kommune. Arbeidet er eit ledd i Telenor si nasjonale utfasing av kobbernettet, og blir gjennomført på oppdrag frå Telenor Norge AS.

Arbeidet vil i hovudsak føregå langs hovudveg og linjestrekk i områda Bøverdalen, Garmo og Liagrendi. 

Om arbeidet
Saneringa omfattar fjerning av gamle stolpar og kabelstrekk som er frigitt for dette formålet. Det er viktig å merke seg at:

  • Stolpar med straumførande kablar blir ikkje fjerna. Desse er eigd av straumselskapa.
  • Det same gjeld stolpar som inneheld, eller skal innehalde, fiberkablar.
     

Arbeidet er regulert av vedtak frå Nasjonal Kommunikasjonsmyndigheit (NKOM), og vil gå føre seg over fleire år.

Viktig informasjon til grunneigarar og innbyggjarar
Deler av arbeidet vil skje på privat grunn.

Privat utstyr som t.d. antenner, utelamper o.l. montert på stolpar må fjernast før arbeidet startar.

Det er ikkje høve til å overta gamle stolpar etter sanering, då desse inneheld miljøgifter og må destruerast på forsvarleg vis i samsvar med gjeldande regelverk.

For meir informasjon, ta kontakt med Linjeproff AS:

Jørn-Bjarne Johansen 905 81 929 
Ronny Østli 909 97 114
sanering@linjeproff.no 

 

Klikk her for å sjå kartet over kvar arbeidet skjer hen i Innlandet.