Vi har ledig ei 100% fast stilling som konsulent i Lom kommune. Stillinga er organisert som ein del av Fellestenester. Avdelinga sørvar både innbyggjarane, eksterne samarbeidspartar og våre tilsette. Vi held til på Midtgard, midt i Lom sentrum.
Vi ser etter deg som har interesse for den digitale transformasjonen, som er ein pådrivar for endringar, og som likar å ha mange oppgåver på ein gong.
Arbeidsoppgåver er m.a.:
• politisk sekretariat
• sakshandsaming
• arkiv- og journalføring
• sentralbord
• superbrukar av fagsystem
• valansvarleg
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Vi ynskjer at du har:
• relevant erfaring frå arkiv og/eller offentleg forvaltning
• digital kompetanse og kunnskap om digital transformasjon
• kjennskap til fagsystema Elements og FirstAgenda
Personlege eigenskapar vi ser etter er:
• gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• sjølvstendig
• fleksibel, strukturert og nøyaktig
• løysingsorientert
• engasjert, nysgjerrig og bidrar med energi og humør til eit godt arbeidsmiljø
• personleg egnethet vil bli vektlagt
Hjå oss får du:
• fagleg spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
• gode moglegheiter for fagleg utvikling
• friheit under ansvar
• konkurransedyktig lønn
• gode forsikrings- og pensjonsordningar
• moglegheit for heimearbeid
SØK PÅ STILLINGA HER
Ynskjer du meir informasjon, ta kontakt med avdelingsleiar Anne Berit Sandvoll,
telefon 913 18 558 eller e-post anne.berit.sandvoll@lom.kommune.no
Namn på søkjarane vil bli gjort offentleg.
Søknader vil bli vurdert fortløpende.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn på intervju.
Søknadsfrist: 03.08.2025.