Siste nytt knytt til ekstremvêret Hans i Lom

Lom sentrum Ola Rossehaug/ Fjuken- lokalavisa for Ottadalen

Status onsdag 16.august kl. 16.45:

Turstigar og skogsbilvegar

Det er fortsatt blaut i terrenget og mykje vatn i bekkar, og det kan vere skader på skogsvegar, turstigar og bruuer. Det vil bli arbeidd med reperasjonar, men dette arbeidet vil ta tid. Det er viktig at alle som no ferdast ute er særs aktsomme og tek omsyn, og gjer eigen vurdering av risiko. Politiet har i dag onsdag 16.august fatta beslutning om at ferdselsforbodet i området over Ulstad og Gjeisar opphøyrer.

Det vil bli gjort grundige gjennomgangar av båe rasvollane uttover hausten.

Veg:

I Øvergrendsvegen starta arbeidet med å reparere vegen tysdag 15.august, og arbeidet vil halde fram gjennom veka. Når arbeidet er ferdig er usikkert.

I Kollavegen har kommunen hatt fleire synfaringar med entreprenør ekstern vegingeniør for å vurdere når arbeidet med reperasjon av vegen kan starte opp meir. Det er framleis særs vått i vegen, og i terrenget rundt vegen, og nye vurderingar vil bli gjort i starten av neste veke.

Liavegen er farbar til og frå eigedommar, men vegen er ikkje attendestilt til den tilstanden den var.

 

Status måndag 14.august kl. 19.45:

Øvre Ulstadveg:

Politiet har i dag måndag 14.august fatta beslutning om at evakuering av dei siste bustadane i Øvre Ulstadveg opphøyrer frå kl.19.45.

Veg:

Det har ikkje lykkast Lom kommune å få møte med Innlandet fylkeskommune i dag måndag 14.august. Kriseleiinga har forståelse for at heile Innlandet har hendingar som må fyljast opp av fylkeskommunen, og at det er knappheit på ressursar.

Det er sett opp eit møte mellom Lom kommune og Innlandet fylkeskommune torsdag 17.august, og kommunen vil kome attende med meir informasjon etter dette.

Kriseleiinga takkar alle!

Det har vore lagt ned ein stor innsats frå alle i lomssamfunnet den siste veka. Kriseleiinga vil nytte høvet nok ein gong til å rette ein stor takk til alle. Vi har alle opplevd kor avgjerande felles innsats er for at alle skal føle seg ivareteke og trygge gjennom slike dagar.

 

Status måndag 14.august kl. 14:00:

Veg:

Det har vore mange spørsmål om veg gjennom hendingane den siste veka. For å betre kunne informere om fylkesvegane, vil det bli ein heilheitleg gjennomgang med Innlandet Fylkeskommune forhåpentlegvis i dag. Meir informasjon kjem så fort vi har nye opplysningar.

Ved spørsmål om veg, sjå nettsida til Statens vegvesen: https://www.vegvesen.no/trafikk#
Det er også mogleg å laste ned Vegvesenets trafikk-app: https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/reiseinformasjon/vegvesen-trafikk/

Rasvollane:

Arbeidet med rydding av rasvollane ved Ulstad og Gjeisar held fram.

Ferdselsforbodet ovanfor Gjeisar og Ulstad er fortsatt gjeldande. Det vil verta gjort ny vurdering frå politiet onsdag denne veka.

Lom kommune avviklar krisestab:

Lom kommune har i dag avvikla krisestab, men følgjer fortsatt verprognosane og situasjonen tett. Framover vil det bli arbeidd med etterarbeid, evaluering og reperasjonar på infrastrukturen.

Sentralbordet vil måndag 14.august vere ope fram tilkl.15.30. Frå tysdag 15.august har sentralbordet vanleg opningstid kl. 10.00-14.00.

Viktige telefonnummer:

Naudnummer ved akutt behov:

Brann: 110
Politi: 112
Ambulanse: 113 

Andre vakttelefonar:

Legevakt: 116 117
Teknisk vakt: 971 53 580
Brann (ikkje akutt): 959 89 944
Politi (ikkje akutt): 02800
Gudbrandsdal krisesenter: 61 27 92 20
Alarmtelefon for barn og unge: 116 111

Beredskap og kriseleiing:

Kommunedirektør Elin Fjeldberg: 907 37 367
Ordførar Bjarne Eiolf Holø: 901 12 400

Oppdatering sundag 13.august kl. 10.50

Lokal legevakt Lom og Skjåk er no oppheva, og det er regional legevakt på Otta som vanleg.

Telefon legevakt: 116 117

 

Status onsdag 16.august kl. 16.45:

Turstigar og skogsbilvegar

Det er fortsatt blaut i terrenget og mykje vatn i bekkar, og det kan vere skader på skogsvegar, turstigar og bruuer. Det vil bli arbeidd med reperasjonar, men dette arbeidet vil ta tid. Det er viktig at alle som no ferdast ute er særs aktsomme og tek omsyn, og gjer eigen vurdering av risiko. Politiet har i dag onsdag 16.august fatta beslutning om at ferdselsforbodet i området over Ulstad og Gjeisar opphøyrer.

Det vil bli gjort grundige gjennomgangar av båe rasvollane uttover hausten.

Veg:

I Øvergrendsvegen starta arbeidet med å reparere vegen tysdag 15.august, og arbeidet vil halde fram gjennom veka. Når arbeidet er ferdig er usikkert.

I Kollavegen har kommunen hatt fleire synfaringar med entreprenør ekstern vegingeniør for å vurdere når arbeidet med reperasjon av vegen kan starte opp meir. Det er framleis særs vått i vegen, og i terrenget rundt vegen, og nye vurderingar vil bli gjort i starten av neste veke.

Liavegen er farbar til og frå eigedommar, men vegen er ikkje attendestilt til den tilstanden den var.

 

Oppdatering laurdag 12.august kl. 22.15:

Steinsprang i Gaidde:

Kommunen har fått informasjon om at det har gått eit steinsprang over riksveg 55 i Gaidde. Vegeigar er på plassen og vil gjere undersøkingar saman med geolog. Vegen er open.

Arbeid med å fjerne rasmassar bak rasvollen ved Ulstad:

Så godt som all lausmasse er køyrd ut. Dette utgjer 300 m3 med masse. Arbeidet har avdekt 5 større steinar som må handterast i det vidare arbeidet. Arbeid startar opp att på måndag.

Oppdatering fredag 11.august kl. 22.15:

Synfaring:

I dag har det vore synfaring frå helikopter med bruk av geolog frå Ulstad til Flå, og frå solsida i Flå til Fossberg. Det er ikkje rapportert til kommunen om særskilte forhald.

Kollavegen:

Kommunen har i kveld hatt befaring saman med entreprenør. Det er mange omsyn som må takast når den skal byggast opp att, og det er knytt stor usikkerheit til framdrift.

Staurustgrenda:

Området er vurdert av geolog, og med bakgrunn av dei vurderingane har politiet beslutta at evakuering av Staurustgrenda opphøyrer.

Jordmorvakt:

Det vil vere jordmor i Lom fram til laurdag morgon. Etter dette er det jordmorvakt på Otta.

Legevakt:

Av beredskapsmessige omsyn er det etablert felles legevakt i Lom og Skjåk gjennom helga.

Legevakt: 116 117

Krisestab:

Krisestab blir oppretthalde gjennom helga, og det vil bli halde møte ved behov. Det vil bli lagt ut ny informasjon berre dersom det er nye hendingar.

Oppdatering fredag 11. august kl. 19.00:

RV 15:

RV 15 opnar kl. 19.00 med redusert framkomme.

Rasvoll Ulstad:

Arbeidet med å rydde rasvollen ved Ulstad vil starte opp laurdag morgon. Det er mykje som skal gjerast i området, og arbeidet vil ta tid.

Kollavegen:

Det blir prioritert sikkerheitsvurderingar og det er førebels usikkert når reparasjonsarbeidet kan starte opp.

Legevakt:

Felles legevakt med Lom og Skjåk som tidlegare varsla.
Telefon :116 117

 

 

Oppdatering fredag 11. august kl. 17.00:

Mange har uttrykt bekymring for rasvollen på Gjeisarjordet. Det er gjennomført grundige gjennomgangar med fagfolk i kombinasjon med jamlege synfaringar oppe på sjølve vollen. Konklusjonen viser at rasvollen fungerer nett slik han skal. Det er såleis inga grunn til uroing for vollen på Gjeisarjordet. I etterkant av eit slik ekstremvêr, vil det bli gjort grundige gjennomgangar av båe rasvollane.

Legevakt:
Felles legevakt med Lom og Skjåk som tidlegare varsla.
Telefon :116 117

Veg:
Status uendra. Utover kvelden blir det bli arbeidd vidare med å sjå på tiltak for Kollavegen.
Det må understrekast at det er særs viktig at fylkesvegane ikkje skal brukast for gjennomkøyring, då dette vil seinke
arbeidet med dei naudsynte utbetringane. Kommunen ber innstendig om at dette blir respektert.

Kontakt:
Servicetorget stengte i dag kl. 17. Opnar etter planen måndag kl. 8, om ikkje situasjonen endrar seg.
Teknisk vakt: 971 53 580

Bygdefolket har synt ein rørande omsorg for kvarandre gjennom desse vanskelege dagane, og det blir lagt ned ein enorm arbeidsinnsats både blant private og alle andre involverte. Dette er til uvurderleg hjelp og styrke for kommunen, som rettar ein stor takk åt alle for hjelp, tolmod og forståing i ei krevjande tid.

 

Oppdatert status fredag 11. august kl. 13.10:

Politiet har vedteke at evakuering av bustader i Nedre og Øvre Ulstadveg opphøyrer frå kl.13.00, med unntak av Øvre Ulstadveg nr. 13, 15, 18 og 20. For sistnemnde blir evakueringa oppretthalde inntil arbeidet med opprenskinga i rasvollen er utført. Dette har høg prioritet. 

Takk for at alle har vist hensyn og vore tålmodige i ein vanskeleg situasjon.
 

Oppdatert status fredag 11. august kl. 12:15:

Det har gått eit ras ved Skjåk Solside 1018, og politiet har beslutta å evakuere Staurustvegen.
Dei evakuerte er køyrde til Skjåk.

Oppdatert status fredag 11. august kl. 09.30:

Lege:
Det er etablert felles legevakt med Lom og Skjåk i helga.
Telefon: 116 117

Veg:
Entreprenørar jobbar framleis med utbetringar, og ber folk om å respektere sperringane. Elles er status uendra frå i går.

Rasvollane:
Det blir i dag gjort nye vurderingar av båe rasvollane saman med NVE.

Turstigar:
Jordsmonnet over heile kommunen er gjennomtrekt av væte, og grunnen kan mange stadar vere ustabil. Turgåarar blir som følgje av dette bede om å ikkje ferdast på turstigane i kommunen inntil vidare.

Evakuering:
Politiet har beslutta at evakuering av næringsbygg Byggern opphøyrer frå kl. 09. Sperringane ved Hunter, ladestasjonane og parkeringsplassen på Coop blir også fjerna..

Nye oppdateringar kjem fortløpande.

Oppdatert status torsdag 10. august kl. 22.15:

Endeleg har vêret letta, og gjort det mogleg å gjennomføre viktige undersøkingar gjennom dagen. Dette legg eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med kartlegging og utbetringar som følgje av ekstremvêret. Farevarselet er også nedjustert til gult nivå over Lom. 

Servicetorget stengte klokka 22.00 i kveld, og opnar att kl. 08.00 i morgon tidleg.

Naudnummer ved akutt behov:

Brann: 110
Politi: 112
Ambulanse: 113 

Andre vakttelefonar:

Legevakt: 116 117
Teknisk vakt: 971 53 580
Brann (ikkje akutt): 959 89 944
Politi (ikkje akutt): 02800
Gudbrandsdal krisesenter: 61 27 92 20
Alarmtelefon for barn og unge: 116 111

Beredskap og kriseleiing:

Kommunedirektør Elin Fjeldberg: 907 37 367
Ordførar Bjarne Eiolf Holø: 901 12 400

 

Oppdatert status torsdag 10. august kl. 18.00:

Rasvollane ovanfor Ulstad og Gjeisar i Lom

Geologar frå NVE har dei to siste dagane gjort undersøkingar av båe rasvollane ovanfor Ulstad og Gjeisar i Lom.

Undersøkingane vart igangsett som følgje av at det vart rapportert om ein langsgåande sprekk i vollen over Gjeisar, og raset som stoppa i vollen ovanfor Ulstad. I tillegg til at dette har det samla seg ein del vatn/slam i bakkant av vollane.

Fjellsida frå Øvergrenda til og med Ulstad vart i dag synfart og vurdert av geolog.

Kriseleiinga kan melde om at det ikkje er registrert funn som fører til uroing.

Gjeisar
Kommunen følgjer med på rasvollen vidare saman med NVE. Det er ingen indikasjon om at det er fare for sjølve rasvollen alt med at mengda vatn/slam ikkje aukar.

Ulstad
Det er gjort vurderingar av ustabile masser ovanfor rasvollen. Undersøkingar i dag viser at det ikkje er risiko for større utglidingar. Masse frå raset hindrar god drenering av vatn. Det blir igangsett arbeid med å drenere ut vatn/slam i bakkant av vollen og deretter fjerne masse frå raset.

Evakueringa for bebuarane i Ulstad blir oppretthalde fram til vatnet bak rasvollen er redusert tilstrekkeleg.

Veginformasjon

Fylkeskommunen informerer om at rundt 115 fylkesvegar i Innlandet fortsatt er stengde. Trafikantane må respektere vegsperringane som er sette opp. Det er viktig at sperringane som er sette opp ikkje blir flytta på, og ein skal ikkje køyre inn:  https://innlandetfylke.no/nyheter-forsiden/var-forsiktig-pa-vegene-i-innlandet.46929.aspx

Rv 15 blir ikkje opna i dag. Arbeidet med utbetringa er i gang etter at geolog i dag undersøkte staden.

Entreprenør opplever ein del trafikk på Liavegen som seinkar arbeidet med utbetringane der. Det understrekast Liavegen ikkje er opna for gjennomkøyring, og dette må bli respektert.

Geolog har gjort undersøkingar frå helikopter over Kollavegen, og det vil bli gjort stadleg synfaring der i løpet av eftan. Desse er sette i direkte kontakt med entreprenør. Resultatet av undersøkingane kjem så fort det er klart.

 

Oppdatert status torsdag 10. august kl. 12:00

Politiet har bestemt at evakuering av Øvergrendsvegen opphøyrte frå kl. 12.00

Oppdatert status torsdag 10. august kl. 12:00

Lom kommune ved ordførar held kl.11 i dag eit møte med pressa kor det mellom anna vart presisert at det er ferdselsforbod i turstigane og andre områder ovanfor Gjeisar og Ulstad.

Det vart også informert om at det bli brukt geolog for å vurdere både vegar og rasområde i Lom.

 Du kan lese meir frå Lom kommune sitt møte med pressa her 

Meir informasjon kjem så fort vi har nye opplysningar.

Oppdatert status torsdag 10. august kl. 10:35:

Mange vegar er stengde, og fleire opplever det som vanskeleg å orientere seg i kva for vegar som er opne for ferdsel.

Ved spørsmål om veg, sjå difor nettsida til Statens vegvesen: https://www.vegvesen.no/trafikk#
Det er også mogleg å laste ned Vegvesenets trafikk-app: https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/reiseinformasjon/vegvesen-trafikk/

Vi har for tida ingen ny informasjon om lokale vegar, og viser såleis til informasjon som vart delt i går kl. 20.00:

  • Fv 55 opna med redusert passasje
  • Sognefjellet er ope
  • Solsidevegen er klarert for igangsetting av rydding og opning
  • Liavegen og Flatmovegen blir vurdert for klarering
  • Kollavegen og Øvergrendsvegen er framleis stengde

Meir informasjon kjem så fort vi har nye opplysningar
 

Oppdatert status torsdag 10. august kl. 08.30

Etter ny gjennomgang men NVE og politiet onsdag kveld, er det beslutta å sperre eit større område knytt til Øvre og Nedre Ulstad. Dette fører til at parkeringsplass vest for Coop Extra Lom (Kopen) Sognefjellsvegen 2 og ladestasjonane på Klokkargarden er stengd for ferdsel.  Det blir trekt opp politisperreband.

Evakuering av Nedre og Øvre Ulstad og av nokre bustader i Øvergrendsvegen blir oppretthalde. 

Det vil bli gjort ny fagleg vurdering av geolog torsdag, og det vil bli brukt helikopter i arbeidet.

Kommunen vil legge ut ny informasjon fortløpande. 

Oppdatert status torsdag 10. august kl. 00.30

Etter ny gjennomgang men NVE og politiet onsdag kveld, er det beslutta å sperre eit større område knytt til Øvre og Nedre Ulstad. Dette fører til at parkeringsplass vest for Coop Extra Lom (Kopen) Sognefjellsvegen 2 og ladestasjonane på Klokkargarden er stengd for ferdsel.  Det blir trekt opp politisperreband.

Evakuering av bustader av Nedre og Øvre Ulstad blir oppretthalde. 

Det vil bli gjort ny fagleg vurdering av geolog torsdag, og det vil bli brukt helikopter i arbeidet.

Kommunen vil legge ut ny informasjon fortløpande. 

Oppdatert status onsdag 9. august kl. 23.00:

Kommunen har hatt fleire møte med NVE i dag, og arbeider med å kartlegge både rasvollane og områda rundt dei utover kvelden. Med bakgrunn i dei vurderingane som er gjort frå NVE i dag, blir evakueringa oppretthalde. Dei som er evakuerte har fått informasjon om dette i eiga informasjonsmøte. Det er viktig at ingen ferder i områda kor det har vore ras.

Mange veger og eigedommer er berørte, og det vil ta tid å reparerer alt når veret har roa seg. Det viktige no er å ta vare på kvarandre, og kommunen oppmodar til at folk held seg i ro dersom dei er trygge der dei er. Vidare oppmodar kommunen folk om å respektere stengte vegar sjølv om dei er framkommelege. Dei kan vere rydda for at helsepersonell kan kome fram, utan at vegen er opna for allmennheita. Kommunen vil legge ut ny informasjon fortløpande. 

Oppdatert status onsdag 9. august kl. 20.00:

  • Fv 55 opna med redusert passasje 
  • Sognefjellet er nattestengd frå kl.20.00
  • Solsidevegen er klarert for igangsetting av rydding og opning
  • Liavegen og Flatmovegen blir vurdert for klarering
  • Kollavegen og Øvergrendsvegen er framleis stengde

Oppdatert status onsdag 9. august kl. 15.40:

  • Fv 55 opna med redusert passasje
  • Solsidevegen er klarert for igangsetting av rydding og opning
  • Liavegen og Flatmovegen blir vurdert for klarering
  • Kollavegen og Øvergrendsvegen er framleis stengde
  •  

Oppdatert status onsdag 9. august kl. 14.40:
 

  • Rv 15 fortsatt stengt.
  • Fv 55 fortsatt stengt ved Flå. Geolog er på tur for å avklare situasjonen der.

Sentralbordet held ope utover ettermiddagen.
Nytt møte i kriseleiinga kl. 19, med mindre situasjonen endrar seg.

Oppdatert status onsdag 9. august kl. 12.00:

  • Rv 15 fortsatt stengt.
  • Fv 55 fortsatt stengt ved Flå. Geolog er på tur for å avklare situasjonen der.

Oppdatert status onsdag 9. august kl. 11:15

  • Det blir aktivt jobba med kartlegging av status for stengde vegar. Ny status kjem så fort dette er avklara.
  • Det er tilgjengeleg jordmor i Lom kommune. Ved behov kan Eldri kontaktast på telefon 90 59 87 01

Melding frå NGR:

"Ekstremvær – status for renovasjon onsdag 9.august.

Planlagte henteruter i Lom og Vågå er avlyst. Det blir ikke kjørt erstatningsruter. Neste henterute for restavfall blir onsdag 23.august.

Miljøstasjonene i Skjåk og på Dombås holder åpent som vanlig i dag"

 

Oppdatert status onsdag 9. august kl. 08.30:

  • Drikkevatnet er trygt utan fare for forureining, og alle dei kommunale vassinntaka er intakte.
  • Alle bør syte for eigenberedskap så langt det er råd, særleg med tanke på vatn.
  • Jordmor er tilgjengeleg for å bistå legevakt ved behov.
  • Alle spørsmål som gjeld evakuering/heimflytting skal rettast til politiet på telefon 02800.

Status er elles uendra etter ei roleg natt utan nye hendingar.
 

Oppdatert status onsdag 9. august kl. 00:40:

Stengde vegar:

Rv 15 ved Trondplassbekken, Byre, mellom Lom og Vågå
Fylkesveg 55 Sognefjellet er stengt mellom Flå og Krossbu

Fylkesveg 2638 Solsidevegen
Fylkesveg 2640 Liavegen avgrensa framkomst/stengt fleire plassar
Fylkesveg 2644 Flatmovegen er stengt ved Flatmo/Brenna og Rusten
Kollavegen
Øvergrendsvegen

Vi står alle overfor krevjande timar og dagar med mange parallelle hendingar. Innsatsen er enormt stor både ute og inne, og folket syner ein eineståande vilje til å hjelpe. Ein varm takk til alle!

Oppdatert tysdag 8.august kl.20.15

Ekstremværet Hans har så langt ført til mange parallelle hendingar i Lom kommune, deriblant fleire ras og stengte veger. Lom kommune har sett krisestab og følgjer situasjonen tett saman med mellom anna politiet og entreprenør. Både nødetater og kommunen er i beredskap.

Lom kommune har folk ute i felt som følgjer situasjonen nøye, i samarbeid med mellom anna politiet og entreprenør. Både nødetater og kommunen er i beredskap, og vil prioritere liv og helse. 

Politiet har beslutta å evakuere i Øvergrendsvegen og bustadfeltet Nedre og Øvre Ulstad. Det er etablert evakueringssenter i Utgard Fleirbrukshus.

Oppdatert tysdag 8. august kl. 17.56

Fv. 55 Dumma i Lom, Innlandet - fv. 55 Krossbrua i Lom, Innlandet, i retning mot Sogndal er stengt på grunn av jordskred. Det melder Statens Vegvesen:

Oppdatert tysdag 8. august kl. 17.30

Rv15 er stengt mellom Vågå og Lom. Stor vassføring over vegen og rasfare gjer at Statens vegvesen har stengt riksveg 15 mellom Lom og Vågå, på grunn av stor vassføring og rasfare.


Oppdatert tysdag 8. august kl 14.30:

Det har gått eit ras på fylkesveg 2638 ved Norgard Kvamme. Vegen er stengt, og politiet er på staden.

Ras på fylkesveg 468 mellom Tronoddbrua og Grjotheim. Det blir arbeidd med kartlegging og tiltak.

Oppdatert tysdag 8. august kl. 12.30:

Fylkesveg 2640, Liavegen, stengt mellom Vamsæterkrysset (Lom) og Sandneskrysset (Vågå) på grunn av vegarbeid ved Sæterdalen. Bebuarar vest for Sæterdalen har høve til å køyre retning Lom, bebuarar aust for Sæterdalen har høve til å køyre austover retning Vågå.

Kollavegen stengt mellom Sandom Retreatsenter og snuplass aust for Kollen.


Redusert fartsgrense på riksveg 15 forbi Byrbergtunellen.

Status elles er uendra.

Kartutsnitt - Klikk for stort bildeStengt veg, fylkesveg 2640, Liavegen

 

 

 

 

 

Kartutsnitt - Klikk for stort bildeStengt veg, Kollavegen

 

 

 

 

 

Oppdatert tysdag 8. august kl. 09.20:

Det er varsla om at det er skade på fylkesveg 2640, Liavegen i område Sæterdalen.
Det blir arbeidd med å kartlegge situasjonen.

Oppdatert tysdag 8. august kl. 08.00:

Status uendra. Nytt møte planlagt kl. 14 i dag, om ikkje situasjonen endrar seg.

Oppdatert måndag 7. august kl. 22:

Fv. 55 Sognefjellet:
Fare for jordskred, vegen er stengt. Merk at sluttida er usikker og kan bli endra.

Gjeld frå 07.08 kl. 20.18, beregna sluttid 08.08 kl. 14.00.

For meir info:
https://www.vegvesen.no/fjelloverganger/#/sognefjellet

Elles er status uendra. Nytt møte er planlagt kl. 8 i morgon tidleg om ikkje sitausjonen endrar seg.

Oppdatert måndag 7. august kl. 18:00:

Lom kommune er i beredskap, og følgjer situasjonen og utviklinga av ekstremvêret Hans kontinuerleg. Kriseleiinga har jamlege møte med statusoppdateringar. Nytt møte er planlagt kl. 22 i kveld, om ikkje situasjonen endrar seg.

Naudnummer ved akutt behov:
Brann: 110
Politi: 112
Ambulanse: 113

Andre vakttelefonar:
Legevakt: 116 117
Teknisk vakt: 971 53 580
Brann (ikkje akutt): 959 89 944
Politi (ikkje akutt): 02800
Gudbrandsdal krisesenter: 61 27 92 20
Alarmtelefon for barn og unge: 116 111

Beredskap og kriseleiing:
Kommunedirektør Elin Fjeldberg: 907 37 367

Ordførar Bjarne Eiolf Holø: 901 12 400

Oppdatert måndag 7.august kl.16.00: 

Teknisk vakt i Lom kommune kan kontaktast på telefon 971 53 580 dersom det er hendingar i samband med kommunale vegar og kommunalt vatn og avløp.

Relevant informasjon vil til ei kvar tid ligge på heimesida.

 

Oppdatert måndag 7.august kl. 13.36 - Treffpunkt/kommunikasjonspunkt ved bortfall av elektronisk kommunikasjon: 

På følgande stadar er det utplassert alternativt kommunikasjonsutstyr:

  • Bøverdalen: Ove Nestvold - adresse Galdhøpiggvegen 18
  • Garmo: Georg Sole - adresse Ottadalsvegen 4692 
  • Lia: Øyvind Angard - adresse Flatmovegen 347
  • Staurustgrenda: Arne Bergon - adresse Staurustvegen 82
  • Lom: Lom helseheim - adresse Krokamyrvegen 18

 

Oppdatert sundag 6.august - Lom kommune ber folk om å halde seg oppdatert på vêret

Både Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Meteorologisk institutt har sundag oppgradert sine farevarsel til høgaste nivå. Varsla gjeld for måndag 7. og tysdag 8. august og gjeld for store deler av Østlandet.

Vervarselet melder om ekstreme mengder nedbør frå måndag føremiddag og ut tysdag.

Kriseleiinga i Lom kommune fyljer situasjonen, og vil legge ut aktuell informasjon på våre heimesider.

På grunn av dei ekstreme vêrforholda er det viktig at du som innbyggjar førebur deg og sikrar deg mot eventuell flaum. Lom kommune oppmodar innbyggjarane om å fjerne gjenstandar og utstyr som ligg lagra ved elvekanten. Det oppmodast om at innbyggjarane held seg unna elver og bekkar med stor vassføring. Lom kommune følgjer situasjonen fortløpande, og har beredskap dersom det er behov. Det kommunale apparatet er også i beredskap.

Hald deg oppdatert om situasjon og husk at du sjølv må sikre eigen eigedom og private veier mot overvatn og flaum. Vi minner òg om at stikkrenner under private avkjøyring frå kommunal veg, er husleigers ansvar.

Vær klar over at det kan vere redusert framkomelegheit, og at vegar kan bli stengt på kort varsel. Unødvendig ferdsel bør ein unngå.

Dette kan du gjere:

  • Sikre og flytt verdiar bort fra utsette områder, for eksempel i kjellar, bilar, campingvogner langs elver og bekker.
  • Det er viktig at du reinskar stikkrenner, kummer og andre vassvegar for jord, grus, kvist og lauv slik at vatnet kan renne uhindra der det vanlegvis renner.
  • Sørg for at stikkrenner under avkøyringa fra offentleg veg til eigendomen din er ope. Dette er den enkelte grunneigar/huseigars ansvar.
  • Sjå til at ikkje kvist eller lauv stenger for vatnet i avløp og mindre bekker.
  • Hald deg unna elver og bekker med stor vassføring.