Snart kjem NRK Sykkel-TV til Lom

Er dykk klare for å skape liv i Lom den 19. juli?

Logo_sykkelsommer

Det er opp til FOLKET å skape liv når NRK kjem syklande gjennom Lom! Dei syklar frå Elvesæter ca. kl. 10:00, og sender minutt-for-minutt direkte på NRK1 fram til ca. 17:00.

Undervegs stoppar dei her:

  • Galdesand ved Coopen
  • Flåklypa
  • Lom bygdamuseum (Presthaugen)
  • Lom stavkyrkje (lunsjpause)
  • Liabrue badeplass
  • Badstua i Vågå.

Dykk må gjerne møte oss på desse stadene, men NRK veit ikkje nøyaktig når dei kjem fram. Det er mogleg å følgje med på NRK1!

Hans Solbakken frå Lom er programleiar, med Even Lusæter som sidekick.

Om DU og GJENGEN DIN ynskjer å sykle med, er det berre å blir med. Men hugs hjelm og trygg sykling!

Sykkelfølget vil vere i Lom sentrum ca. kl. 12 og legg opp til ein god stopp her innan dei syklar solsida vidare mot Vågå.

Sjå ruta her (for den 19. juli) og og del gjerne arrangementet på Facebook med ein ven (sjå lenke).