Spørjeundersøking: bruk av næringsfondet i Lom kommune

Lom kommune skal revidere reglane for bruk av næringsfondet i 2024, og i den anledning ynskjer vi innspel frå næringslivet. Vi håper du tek deg tid til å hjelpe oss, slik at vi får brukt næringsfondet på ein god måte i åra som kjem!

 DU KAN SVARE PÅ UNDERSØKINGA HER: 
Estimert tidsbruk: 5 - 15 minutt. Undersøkinga er anonym. Siste sist for å sende inn svar er 1. april. 

Bakgrunn:
Lom kommune har eit kraftfond med årlege inntekter.
I 2024 er det budsjettert kr. 500 000 i søkbare midlar til landbruket, kr. 800 000 i søkbare midlar til anna næring og kr. 150 000 i søkbare midlar til skogbruket. Desse rammene kan endre som noko frå år til år, ut i frå politiske prioriteringar.

Reglar for bruk av næringsfondet finn du her:

Takk for at du tek deg tid til å svare! 

- Har du spørsmål til undersøkinga? Ta gjerne kontakt med næringssjef Åshild Myhre Amundsen, tlf. 975 22 977, ashild.amundsen@lom.kommune.no

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje