Språkpraksisplass?

Har bedrifta di eit godt arbeidsmiljø? Har de plass til ein arbeidstakar til nokre timar i veka? 

NO HAR DE SJANSEN!

Flyktningtenesta i Lom har til ein kvar tid behov for språkpraksisplassar for elevar i vaksenopplæringa: Unge vaksne som er godt i gang med å beherska norsk som talespråk, treng trening! 

Dersom bedrifta di har moglegheit til å ta i mot ein elev eller to nokre timar i veka er sjansa stor for at det kan bli lærerikt og morosamt for båe partar! 

 

INTERESSANT? IKKJE NØL MED Å TA KONTAKT:

Flyktningtenesta i Lom

Britt Ingunn Sveen - 910 05 718

britt.ingunn.sveen@lom.kommune.no