Startlån for fyrstegongsetablerararSkal du etablere deg for fyrste gong? No er det ei ny startlånordning frå Husbanken for fyrstegongsetablerarar.Lom kommune er med i ei forsøksordning hjå Husbanken, der ein rettar seg mot dei som kjøpet bustad for fyrste gong. Hensikta er at det skal bli enklare å få bustadlån for personar som har utfordringar med å koma seg inn på bustadmarknaden.For å søke må du:- Vere fyrstegongsetablerar.- Ha ein eigenkapital på 5% av marknadsverdien på bustaden.- Ikkje ha fått innvilga bustadlån i privat bank.Nedbetalingstid er maks 30 år. Etter 10 år skal restlånet refinansierast i privat bank eller med ordinært startlån frå husbankenFor meir informasjon kontakt avdelingsleiar for stab og støtte i Lom Kommune, Anniken Stee.For meir informasjon gå inn på denne lenka:https://www.husbanken.no/kommune/startlaan/forstegangsetablerere/ Lom kommune Publisert 27.11.2024 11.01 Sist endret 27.11.2024 11.06