Storstilt danseframsyning på Vinstra!

  

Onsdag kveld var dans 3 ved Lom og Skjåk kulturskule med på ei stor danseframsyning på Vinstra. Kulturskuleelevar i Norddalen, Midtdalen og danselina ved Vinstra vidaregåande skule har denne hausten jobba saman  med profesjonelle dansarar frå Tilt fram mot nettopp denne framsyninga. 

Tilt er leia av danseteateret Panta Rei og dei skreddarsyr danseprosjekter rundt om i Noreg. I år var turen kome til vår region, og saman med teater Innlandet har dei vore med og skapt ein fantastisk produksjon som våre elevar har fått vera med på.

 

Kvelden starta ute på Vinstra vidaregåande. Her fekk vi oppleve dans i all sin mangfald. Med fantastisk lyssetting, koreografi og ikkje minst scenografi fekk publikum oppleve ei reise inn kjenslene si verd.

Dansarar frå Lom og Skjåk dansa deler av sin koreografi opp på ljosklossar, noko som var heilt magisk å oppleve. Etter vandreframsyninga held kvelden fram inne i Inntunet, der vi fekk sjå Panta Rei og teater Innlandet si framsyning En….som.