Tema veke 42 - Korleis vidareutvikle Lom som ein attraktiv plass å bu og leve?

Utsikt mot Lomseggen frå Øvergrend - Klikk for stort bildeUtsikt mot Lomseggen frå Øvergrend Ola Ø Rossehaug  Vi arbeider med kommuneplanens samfunnsdel dette året, og vi ynskjer å involvere DEG som bur i Lom i dette arbeidet!

Tema veke 42 er inkludering, bulyst, tilflytting og næringsutvikling.

Til nå har vi vore gjennom følgande tema: 
Veke 37: FN sine berekraftsmål 
Veke 38: God fysisk og psykisk helse
Veke 39: Barn og unge
Det er framleis mogleg å sende inn innspel til desse temaene. Du finn dei på www.lom.kommune.no/samfunnsplan.

Inkludering, bulyst, tilflytting og næringsutvikling

Dei ti siste åra har det flytta 751 personar TIL Lom. Det er ganske mange det. Utfordringa er at det samtidig har flytta 875 personar FRÅ Lom. Kvifor det? Forsking frå Distriktssenteret viser at arbeid, bustad, godt oppvekstmiljø og utdanningstilbod, godt sosialt miljø og "den lokale eliten" sine haldningar er avgjerande for å få folk til å bli verande på ein plass.

Korleis kan vi legge til rette for å utvikle dette i "riktig retning"  for Lom og regionen i åra framover?

Dette håpar vi at DU vil seie di meining om ved å sende inn dine innspel i skjemaet under. 
På førehand takk for hjelpa! Alle innspel blir teke med inn i arbeidet med å lage ein ny strategisk plan for Lom (kommuneplanens samfunnsdel). Meininga di er anonym. 

Skjema: