Nødvarsel på mobil blir testa for heile befolkninga både for å gjere folk kjende med korleis det opplevast å få eit Nødvarsel, og for å sikre at systemet fungerer som det skal.
I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å verne deg sjølv.
Testing av tyfonane blir gjort for å avdekkje tekniske feil og for å gjere folk kjende med lyden og signalet. Signalet som blir testa under varslingsøvinga heiter «Viktig melding – søk informasjon» og består av tre seriar med tute-lydar med eitt minutts pause mellom seriane. Høyrer du dette signalet, betyr det i praksis at du skal søkje informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis du skal forhalde deg blir gitt gjennom ulike medium, til dømes radio, TV, myndigheitenes nettsider og sosiale medium.