Tilflyttartreff på sjølvaste Galdhøpiggen 29. mai

Vi veit at det ikkje alltid er like lett å bli kjent med folk. Kanskje har du eit nettverk i Lom frå før, kanskje er du heilt ny. Uansett bakgrunn – vi ynskjer å gjere det lettare for folk å bli kjente. Derfor inviterer vi til ein felles tur til Noregs høgaste fjell, som naturlegvis ligg i Lom!

Tilflyttartreff Ronny Nestvold  

Vi veit at denne turen ikkje er for absolutt alle. Derfor planlegg vi også eit lågterskel-arrangement til hausten der alle kan vere med. Send oss gjerne ein e-post viss du vil ha tilsendt meir informasjon om det 😊 Men attende til Galdhøpiggen. Vi håper du har lyst til å bli med oss på tur, både for å bli betre kjent – og for å få ei fin turoppleving!

Her er opplegget:

Sundag 29. mai kl. 8.20: Felles avreise med buss frå Kyrkjevollen (v/ Lom stavkyrkje). Ynskjer du å køyre eigen bil, så er det sjølvsagt mogleg. Da møter vi deg på Juvasshytta. Hugs at det er bom mellom Raubergstulen og Juvasshytta.

Kl. 9.30 => Felles avgang frå Juvasshytta saman med guidar frå Aktiv i Lom. Frå her går turen i lett terreng i omlag ein time opp til Styggebrean. Der vi organiserer vi oss i taulag. Frå her brukar vi omlag ein time over Styggebrean før vi får fast grunn under føtene att. Siste etappe går opp Piggeurdi. Dette er den tyngste delen av turen, og det er her vi tek dei fleste høgdemeterane.

Turen tek normalt 3 ½ time opp og 2 ½ time ned, men vi går i samla flokk og brukar den tida det tek. Felles heimreise med buss når turen er ferdig.

Praktisk informasjon:

Alle MÅ ha med tilstrekkeleg med klede, mat og drikke til ein heil dag utandørs. Vi skal høgt til fjells, så gode sko, vind- og vasstette klede og lue, vottar og varme klede er ei føresetnad.
Har du ikkje utstyr, er det mogleg å leige utstyr av t.d. Naturopplevingar.
Det kan vere lurt med gamasjar, sidan det framleis kan ligge litt vårsnø.
Men turen går til fots, du treng altså ikkje ski. Aktiv i Lom har det du treng for å krysse breen, så du treng ikkje å ta med stegjern eller sele.

Turen passar for dei fleste som er i normalt god form.
Vi har sett ei aldersgrense på 12 år, men ungar bør vere litt fjellvande for å delta.
Dersom vêret blir veldig ille, så finn vi oss eit anna turmål den dagen – tur blir det uansett!
Lom kommune spanderer guide og felles transport. Du tek med utstyr til deg sjølv og godt humør 😊 Turen er for innbyggjarar i Lom som ynskjer å bli kjent med nye folk, og vi har plass til minst 50 personar.

Har du lyst til å bli med?

Send ei bindande påmelding til ashild.amundsen@lom.kommune.no (eller på SMS til 975 22 977) snarleg, og helst innan 25. mai. Oppgje namn, kor mange personar som vil delta, og om du / de ynskjer transport eller ikkje. Skulle du bli sjuk eller liknande, set vi pris på rask beskjed.
Vi gler oss!
Med beste helsing Lom kommune, v/ Åshild, Rønnaug og Rita

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje