Tilflyttartreff til Klimaparken2469

Laurdag 16.september blir det guida tur til Klimaparken 2469 for tilflyttarar i Lom.

Bilete frå inne i istunellen.  - Klikk for stort bildeBilete frå inne i istunellen Johan Wildhagen

Kva er dette?

Lom kommune inviterer til tilflyttartreff i Klimaparken2469 laurdag 16.september.

Klimaparken er eit utandørs opplevingsområde med fokus på klimahistorie, jakt og fangst, geologi og biologi. På turen gjennom klimaparken tek ein guide oss med inn i eit spennande landskap av opplevingar og læring. Over Juvflye, ved foten av Galdhøpiggen, er det ein tilrettelagt gangveg på rundt ein kilometer som tek oss frå parkeringa ved Juvasshytta og inn til Juvfonne.

I Juvfonne, ved enden av gangvegen, går det ein tunnel 70 meter inn i den 7000 år gamle isen. Istunnelen er designa og ljossett av kunstnar og skulptør Peder Istad, og er hakka ut og forma med handmakt. Les meir om Klimaparken2469 her.

Turen blir gjennomført på norsk.

Når er dette?

Laurdag 16.september kl. 13

Turen har ein varigheit på om lag 2,5 time.

Kven er det for?

Tilflyttartreffet er eit tilbod for dei som har flytta til Lom dei siste åra. Her kan du treffe andre nye lomverer, og samstundes oppleve den spektakulære Klimaparken og istunellen. 

Praktisk informasjon

Oppmøte: Parkeringsplassen ved Juvasshytta kl 13.

Vi legg opp til at ein nyttar private bilar opp til Juvasshytta, og oppfordrar til samkøyring så langt det går. Hugs bomveg (kr. 150) opp til Juvasshytta. Ved samkøyring frå Lom blir det oppmøte på kyrkjevollen kl 12.

Klede: Klimaparken er ein utandørs oppleving 1800 moh., og veret kan by på både sol og "sjogg" i september. Inne i istunellen er det berre nokre få plussgrader, så kle deg godt med varme klede og sko, lue og vottar.

Mat og drikke: Turen varer i underkant av tre timar, så det kan vere lurt å ta med niste og drikke i sekken.

Påmelding: Deltaking krev påmelding, og tilbodet har eit avgrensa antal plassar. Meld deg på til Hege på hege.olimb.myhre@lom.kommune.no innan 15.september (utsett frist!). Førstemann til mølla-prinsippet.

Ved påmelding: Gje beskjed om det er vaksen/born. Gje òg beskjed om de køyrer sjølv, har ekstra plass i bilen eller treng skyss.

Tilbodet er gratis for tilflyttarar.

Håpar å sjå mange nye fjes! Ta kontakt ved spørsmål. 

Kontakt

Hege Olimb Myhre
Bygdeutviklar og bustadkonsulent
Mobil 453 12 269