Mål og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking.
Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.
Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.
Kven kan søkje
- Offentlege instansar
- Frivillige organisasjonar
- Private aktørar
Frist for å søkje
31. oktober 2025
Slik søkjer du
- Sett deg inn i forskrifta og informasjonen på ordninga si nettside.
- Send inn søknad i Bufdir si søknadsportal for tilskot.
Frivillige organisasjonar og private aktørar skal nytte søknadsskjema 2.
Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå tilskotsordninga si nettside for unntak frå denne regelen).
De kan søkje om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå ordninga si nettside for meir informasjon om desse).
Etter at du har sendt søknaden
Slik blir søknadene behandla
Søknader som er sende inn av andre aktørar enn kommunen sjølv, skal rangerast av kommunen.
Kommunen skal forankre rangeringa av søknadene på besluttande politisk eller administrativt nivå.
Etter at kommunen er ferdig med rangeringa, startar Bufdir den endelege saksbehandlinga av søknadene.
Det vil vere informasjon på Bufdir sine nettsider om forventa saksbehandlingstid.