To klassar frå Loar barneskule fekk oppleve førehandsrøysting

Både 4. og 5. klasse fekk vere med då læraren skulle førehandsrøyste – ei lærerik og spennande oppleving som ga elevane innblikk i korleis demokratiet fungerer i praksis.

Torsdag kom to trivelege gjengar frå Loar barneskule på besøk då læraren skulle førehandsrøyste til stortingsvalet. Både 4. og 5. klasse fekk vere med, og besøket ga elevane eit praktisk innblikk i korleis demokrati og val fungerer.

I forkant hadde elevane jobba i klasserommet med sentrale politiske omgrep som storting, regjering, parti, statsminister, fleirtal, venstre- og høgresida. Dei hadde òg fått innblikk i sametingsvalet.

Under besøket fekk elevane, i grupper, gå inn i stemmeavlukket og sjå korleis ein røystar i praksis. Dei fekk òg sjå urna som stemmene går i, og stempelet som blir brukt for å godkjenne stemmesetlane.

Det var to trivelege gjengar å ha på besøk, og vi håpar opplevinga gav både læring og inspirasjon til framtidig bruk av stemmeretten. Takk for besøket!